Sambåndet

Onsdag 17. januar 2018
RSS

Møre ungdomsskule Herøy endeleg opna

  ELEVAR PÅ NY SKULE:Elevane på Møre Ungdomsskule Herøy er spente sin nye skulekvardag.(FOTO: ARE BAKKE) Dei 36 elevane på den nye Herøy ungdomsskule stod i fokus då skulen vart opna 16. september. Lokala til skulen hadde ikkje plass til alle gjestane. Dermed vart det feiring av Sunnmøre Indremisjon sitt nye skuletilbod på Kjelsund Ungdomssenter. […]

Av admin. Publisert 24. september 2004.
  
ELEVAR PÅ NY SKULE:
Elevane på Møre Ungdomsskule Herøy er spente sin nye skulekvardag.
(FOTO: ARE BAKKE)

Dei 36 elevane på den nye Herøy ungdomsskule stod i fokus då skulen vart opna 16. september. Lokala til skulen hadde ikkje plass til alle gjestane. Dermed vart det feiring av Sunnmøre Indremisjon sitt nye skuletilbod på Kjelsund Ungdomssenter. Skulekoret under leiing av musikklærar Karoline Husøy hadde allereie øvd inn fleire songar som dei framførde på ein fin måte. Fleire andre elevgrupper tok også del med vakker song og musikk.
 –  Festtalen vart halden av generalsekretær Karl Johan Hallaråker. I talen sin understreka han at det er viktig at vi har frie skular i tillegg til dei offentlege.
– Friskulane er eit barometer på åndsfridomen og toleransen i samfunnet vårt. Dei kristne skulane skal ha god fagleg kvalitet, samstundes som dei skal halde fram det kristne menneskesynet. Mennesket er skapt av Gud og har uendeleg verdi, men det er ein fallen skapning. Derfor må evangeliet om frelse lyde klart i dei kristne skulane, meinte Hallaråker.

Klokke til klang
Styremedlem Magne Sævik understreka i si helsing at båten og sjøen alltid har hatt ein sentral plass i herøyværingane si historie. Som eit symbol for det, overrekte han ei skipsklokke til skulen. Den skal fungere som skuleklokke og kalle elevane inn til undervisning, sa Sævik. Mange innbedne gjester bar fram helsing og overrekte gåver. Kjell Bjørsvik hadde ei helsing frå Danielsen skoler i Bergen. Som gåve hadde han med tre marsipankaker som vart sett fram på det velfylte matbordet i kaffipausen. Rektor Ove Kopperstad ved Møre ungdomsskule i Ålesund overekte ein stor nøkkel i smijern og minna om kor viktig det er med ei sterk foreldregruppe som kan stå bak ein slik skule i bøn, praktisk hjelp og positiv omtale.   Krinssekretær Knut Strand i Norsk Luthersk Misjonssamband bar fram blomehelsing og gode ønskje for skulen. Si-reiser ved Kurt André Henriksen gav ei andaktsbok til kvar elev. SI-senteret ved Jarle Hjørundal overrekte bøker. Johan E. Sunde i firma Johan R. Sunde gav ein slipestein til sløydavdelinga og minna om at vi menneske treng også å bli slipte, tilpassa for å fungere godt som medmenneske. Frå det lokale kristenliv helsa sokneprest Ole Brubakk frå statskyrkja, og Svein Frøystad frå Frikyrkja. Etter festen var det høve til å få omvisning i skulelokala i Myrvåg for dei som hadde høve til det.

Are Bakke

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Frivillige vaksne deler timane i denne veka mellom seg i bøn for borna.

2017 ble det nest beste året for sambåndet.no siden målingene startet.

Nils Fredrik Rifsgård er ansatt som ny forsamlingsleder i Frekhaug Indremisjon.

Britt Helen Opstad slutter i Bergen Kristne Bokhandel.

Dagen-redaktør Kari Fure mener man må tørre å snakke om de undertrykkende elementene som finnes i islam.

Copyright © Sambåndet 2018