Sambåndet

Fredag 18. august 2017
RSS

Helsing frå Jerusalem

 – FOR HE IS RISEN: Toralf fotografert foran den tomme grava.(FOTO: RACHEL STEINSLAND) Eg sit på Bet Norvegia og skriv, skal vera i Jerusalem i tre månader. Har allereide vore her nokre veker. Det er spesielt å vera i Jerusalem. Byen er ikkje som andre byar. Det er ein eigen stemning og atmosfære. Trass i […]

Av admin. Publisert 17. mars 2005.
  
– FOR HE IS RISEN: Toralf fotografert foran den tomme grava.
(FOTO: RACHEL STEINSLAND)

Eg sit på Bet Norvegia og skriv, skal vera i Jerusalem i tre månader. Har allereide vore her nokre veker. Det er spesielt å vera i Jerusalem. Byen er ikkje som andre byar. Det er ein eigen stemning og atmosfære. Trass i politisk uro og terrorfrykt, er det ein forunderleg fred og ro over byen. Han er også sentrum for Jødedom, Kristendom og Islam og har vore ein kamparena til alle tider både religiøst og politisk. Gud seier i Sakarja 12,4:  «Jeg gjør Jerusalem til løftesten for alle folkeslag, hver den som prøver å løfte den skal rive seg opp. Men alle jordens folkeslag skal samle seg mot byen.»

Dette ser vi i dag. Statsmenn kjem hit frå alle verdas nasjonar for å løfta på Jerusalem. Dei vil dela byen i to og overgi alle heilage stader til muslimane, slik som Oljeberget, Getsemane, Tempelplassen, Gravkyrkja og Gravhagen med den tome grav osv. Ingen kristne reiser seg i protest, men godtek det stilltiande. Dette gir ei vond kjensle når eg går her i Jerusalem. Judea og Samaria skal også gjerast jødereint og overgjevast til ein eigen palestinsk stat. All verda sine auge er retta mot Jerusalem i desse dagar, og det vert lagt stort press på Israel. Det blir spanande å sjå korleis Gud skal gjenomføra sitt vegkart for landet og folket i framtida.

Det er påske og vi feirar den nettopp her Jesus gjekk dei sista dagane av sitt liv. Her kjempa han, her leid han, er døydde han, her stod han opp og skal ein gong koma tilbake. Her i Jerusalem talar også steinane, og evangeliet kjem så nært.
For nokre dagar sidan gjekk Rachel og eg den same vegen over Oljeberget, ned til Getsemane og inn i Alle Nasjoners kyrkje og hadde ei stille stund framfor klippen der Jesus kjempa sin kamp og overgav seg i Guds hender. Då eg låg på kne foran alteret, måtte eg bed: «Men vil min kjærleik kolna av, min Frelsar eg deg bed: Å, minn meg om din kross og grav og om Getsemane.»
Vi gjekk vidare til Gravhagen, ein forunderleg stille oase midt mellom trafikkerte gater utanfor bymuren. Etter å ha rusla rundt, gjekk vi inn i den tome grava der denne inskripsjonen står på døra: «He is not here, for He is risen» Vi rusla stille ut og visste «Han er oppstanden, Halleluja!».

Det er to tusen år sidan Jesus fysisk gjekk her, men dette er ikkje berre historie. Jesu død for verda si synd gjeld alle og til alle tider. I den gamle pakt måtte dei kvart år bera fram offer for synder, men Jesus  bar seg sjølv fram som offer ein gong for alle. Johannes skriv at «Han er ei soning for våre synder, og ikkje bare for våre, men for heile verda si synd.» Det er Golgata og den tome grava som er hengslene på døra inn i Guds rike. Det er ingen anna veg verken for jøde eller grekar. Han som døydde, har stått opp og går mellom oss og er nær alle som kallar på han.

Vil også oppfordra alle om å be for Jerusalem. Be for det jødiske folk at dei må finna Messias og få leva trygt i det landet Gud har lova dei til evig tid.
Shalom frå Jerusalem.

Toralf Steinsland

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Gaven fra en anonym lottovinner brukes til å ruste opp Fjell-Ly.

Etter en tids leting har ImF Midthordland nå fått ansatt en ny barne- og ungdomsleder.

Begrepsbruken til et muslimsk trossamfunn har gjort det nødvendig for NLM-forsamlingen i Kristiansand å presisere ståstedet sitt.

Arkeologer tror el-Araj er svaret på hvor Peters hjemby, Betsaida, lå.

Ein tanke om at det finst ein Gud som vart menneske til frelse for verda, vart for stor til at kunnskapsminister Tormod Røe Isaksen kunne tru.

Copyright © Sambåndet 2017