Sambåndet

Tirsdag 25. april 2017
RSS

Mikael Landro til minne

KONGENS FORTJENESTMEDALJE: Mikael Landro fekk Kongens Fortjenstmedalje i gull for sin lange teneste i Indremisjonen. (FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV) Det er ein av dei mest ruvande personane i Indremisjonsforbundet som nå har lagt ned vandringsstaven. Heile si yrkesaktive tid var han knytt til ImF. Også i pensjoniståra har han vore aktivt med på ulik vis. Landro tok […]

Av admin. Publisert 15. november 2005.
Mikael Landro til mi...
KONGENS FORTJENESTMEDALJE:
Mikael Landro fekk Kongens Fortjenstmedalje i gull for sin lange teneste i Indremisjonen.
(FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV)

Det er ein av dei mest ruvande personane i Indremisjonsforbundet som nå har lagt ned vandringsstaven. Heile si yrkesaktive tid var han knytt til ImF. Også i pensjoniståra har han vore aktivt med på ulik vis.

Landro tok til som forkynnar i 1938. 1947-59 var han krinssekretær i Sunnmøre Indremisjon. 1959-66 var han bysekretær i Sandnes. Så vart han kalla til Bibelskolen som rektor. Her vart han i teneste til han gjekk av med pensjon i 1984.

Mikael Landro hadde ei rekke tillitsverv både i misjon, kyrkje og samfunn. Utanom ulike oppgåver som han hadde knytt til Indremisjonsforbundet, var han i Sandnes-tida medlem av bystyret, i Bergen var han med i bystyret, skulestyret og i sokneråd. Eit verv han såg ekstra stort på å inneha var styret i dagbladet Dagen.

Mikael Landro var vekkingsforkynnaren med lære- og leiargåve. Han var mykje utrusta av Gud både menneskeleg og åndeleg. I forkynnargjerninga fekk han vera Guds reiskap i mange vekkingar og han fekk leia mange til liv i Gud. Som bibellærar fekk han gje dei åndeleg mat og læremessig tryggleik til eit frigjort gudsliv.

Landro var lekmannen utan formell teologisk utdanning. Men hans realkompetanse i åndeleg lærdom ruva over mange med eksamenspapir. Både mellom dei som delte hans vurderingar og somme som kunne ha nyansar var han høgt respektert og skatta som god bror og leiar. Når indremisjonshistoria vert skriven med distanse, vil utan tvil hans namn raga høgt mellom dei som har prega og forma indremisjonen i førre århundre.

Bibelskulen i C. Sundtsgate og Bibelskulen på Bildøy vil alltid vera knytt til Landro sitt namn. Her utførde han ei stor teneste både som leiar og lærar. Bibelskulen var sjølve hjartebarnet i hans liv og teneste. Både for han og oss andre var fylkesmannen si overrekking av H M Kongens gull under tjueårsjubileet på Bildøy ein verdig milepel for Landro. Ein velfortent heider!

Siste gongen vi fekk heidra han og takka han for eit langt liv i Herren sin vingard, var mottakinga på hans 90-årsdag i februar dette året. Ein lang arbeidsdag er nå slutt. Fredag 28. oktober vart Mikael Landro ført til sin siste kvilestad ved Landro kyrkje. Her har han si grav ved sida av hans kjære Anna som gjekk i førevegen til oppstandelsens morgon. Mange menneske deltok ved gravferda og under minnestunda på Bibelskolen etterpå.

Vi takkar Gud for Mikael Landro og lyser Guds fred over hans gode minne.

Karl Johan Hallaråker

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Fire kretser i Indremisjonsforbundet (ImF) leter etter ny leder. En løsning kan være sammenslåing av kretser til regioner, sier formann i ImF-styret, Odd Asbjørn Nybø.

Copyright © Sambåndet 2017