Sambåndet

Mandag 23. juli 2018
RSS

– Vil bli skiljelinjer som merkes

ENGASJEMENT: Leif Jarle Theis (t.v.) og Kjetil Aano hadde innvendingar til Hallaråker sine synspunkt. Her er dei i samtale med landsstyreleiar i NMS Lars Gunnar Lie. FOTO: SAMBÅNDET Av Kjell Hauan Organisasjonanes Fellesråd (OF) har ti medlemsorganisasjonar som samla seg til årsmøte i Bergen 5. januar. Møtet vert avslutta laurdag 7. januar.I sin timeslange tale […]

Av admin. Publisert 6. januar 2006.
 Theis og Aano
ENGASJEMENT: Leif Jarle Theis (t.v.) og Kjetil Aano hadde innvendingar til Hallaråker sine synspunkt. Her er dei i samtale med landsstyreleiar i NMS Lars Gunnar Lie. FOTO: SAMBÅNDET

Av Kjell Hauan

Organisasjonanes Fellesråd (OF) har ti medlemsorganisasjonar som samla seg til årsmøte i Bergen 5. januar. Møtet vert avslutta laurdag 7. januar.
I sin timeslange tale var Hallaråker innom mange aktuelle spørsmål, mellom anna kyrkjesituasjonen i Noreg.
– Dersom lærenemnda i Den norske kyrkja (Dnk) kjem fram til godkjenning av homofilt samliv, har dei plassert seg i same kategori som paveembetet, sa OF-formannen..
– Om dette skjer, viser det at menneskeleg autoritet ligg i botn – og ikkje det reformatoriske prinsippet «Skrifta åleine», meinte han.
– Inkludering av homofilt samliv som legitim kristen måte å leva på, vil få dramatiske konsekvensar for relasjonar i Den norske kyrkja. Her vil det bli skiljelinjer som må merkast, understreket Hallaråker.

Samtalen etter Hallaråkers tale avdekka usemje mellom OF-medlemmane, sjølv om fleirtalet støtta Hallaråker sitt syn.
Generalsekretær i NMS Kjetil Aano gav til kjenne at hans organisasjon ønskte å fortsetja i Dnk sjølv om utfallet i Lærenemnda blir ei godkjenning av to syn på homofilt samliv.
– Men dette betyr ikkje at vi endrar vårt syn om at vi ser ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne som Bibelen sin ramme for samlivet, sa Aano som også understreket at vi må tenkja over korleis vi kommuniserer med omverda.
Det var nok Leif Jarle Theis frå Norges KFUM-KFUK som var mest usamd med Hallaråker.
– Eg ønskjer at lærenemnda skal konkludera med at kyrkja kan leva med to syn på homofilt samliv. Eg ønskjer at vi skal tala med små bokstaver her. Vi må ikkje gjera dette til eit vedkjenningsspørsmål, sa Theis og viste til utviklinga i organisasjonane sitt syn på kvinnelege prestar. Han var også usamd i at organisasjonar i Dnk skulle kunne seia frå seg biskoppelig tilsyn.

Fleire takka Hallaråker for tydelig tale.
– Vi må bevisstgjera oss på vår evangelisk lutherske basis, sa generalsekretær i Normisjon, Rolf Kjøde. Han meinte dette var noko vi kunne væra stolte over.
– Salme 119 med sine 176 vers omtaler Guds ord i positive ordelag. Kvifor er det så vanskeleg for oss å gjera det same? Guds ord er Guds gode vilje for menneska. Det gir salighet, men det også godt for menneske i det timelige liv, sa Kjøde.

Les Karl Johan Hallaråker sin tale her.
 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Ambassadøren kom ikke, men Lyngdal Bibelcamp markerte likevel Israels 70-årsdag.

Det er ingen selvfølge at det er alkoholfritt i kristne sammenhenger, påpeker IOGT.

TILBAKEBLIKK – DNA-KONFERANSEN «Ta oss til ethvert sted der det er barn». Slik lyder Awanas bønn til Gud. Og de blir bønnhørt.

KOMMENTAR: Det er grunn til å være skuffet over at Israels ambassade i Norge takket nei til invitasjonen om å være representert under israelsmarkeringen på Lyngdal bibelcamp lørdag.

Israel som moderne stat er 70 år, og lørdag blir det bursdagsfest på Lyngdal Bibelcamp.

Copyright © Sambåndet 2018