Sambåndet

Fredag 18. august 2017
RSS

Forventingar til mp3-andakt

   MOBIL ANDAKT: Fleire og fleire kjøper mp3-spelarar, eller mobiltelefonar med mp3, men berre ein brøkdel av desse abonnerer på podkast, ifølgje NRK.ILLUSTRASJONSFOTO: HELGE JOHAN STAUTLAND/KPK Av Helge Johan Stautland – Eg trur dette kjem til å ta av. Vi har registrert 5.000 brukarar som lastar ned andakten til bruk i mp3-spelaren sin, eller mobiltelefon […]

Av admin. Publisert 27. april 2006.
 mp3-andakt   MOBIL ANDAKT: Fleire og fleire kjøper mp3-spelarar, eller mobiltelefonar med mp3, men berre ein brøkdel av desse abonnerer på podkast, ifølgje NRK.
ILLUSTRASJONSFOTO: HELGE JOHAN STAUTLAND/KPK

Av Helge Johan Stautland

– Eg trur dette kjem til å ta av. Vi har registrert 5.000 brukarar som lastar ned andakten til bruk i mp3-spelaren sin, eller mobiltelefon med støtte for mp3, seier Paul Arvid Jørgensen, prosjektkleiar for podkasting i NRK. I veke 14 i år var det 924 nedlastingar av morgonandakten.
 Denne nye måten å lytte til radio på har fått namnet podkasting. Lydopptak blir publisert på internett, og med dei rette dataprogramma blir det publiserte materialet oppdatert automatisk hjå brukaren. Dei 31 programma NRK tilbyr er gratis.

Teknologisperre
Morgonandakten i NRK P1 var eitt av pilotprogramma då NRK ville prøve ut podkast.
 – Morgonandakten kan ikkje måle seg med program som «Radioresepsjonen» og «Språkteigen» i talet på nedlastingar. Men det er ein god start på ei teneste som er i startgropa, meiner Jørgensen, og legg til at innhaldet i desse programma i motsetnad til andakten er av ein type som mange truleg vil ha for å bruke om att. Han trur også at det er muleg andaktslyttarane høyrer til ei gruppe som kan ha sperrar for å ta i bruk ny teknologi.
 «Mellom himmel og jord» er eit anna livssynsprogram NRK podkastar. I veke 14 hadde 244 personar lasta ned dette programmet. Programmet ble tilgjengelig i mp3-format i vår.

Meir brukarvenleg
For å lytte til program via podkast på til dømes mobiltelefonen, må ein vegen om datamaskina og eit dataprogram. Jørgensen erkjenner at dette gjer podkasting mindre brukarvennleg.
– Håpet er at det snart kjem teknologi som gjer at programma oppdaterer seg sjølve i brukarane sine mobiltelefonar, noko som eg trur vil kome, seier Jørgensen. KPK.

 

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Gaven fra en anonym lottovinner brukes til å ruste opp Fjell-Ly.

Etter en tids leting har ImF Midthordland nå fått ansatt en ny barne- og ungdomsleder.

Begrepsbruken til et muslimsk trossamfunn har gjort det nødvendig for NLM-forsamlingen i Kristiansand å presisere ståstedet sitt.

Arkeologer tror el-Araj er svaret på hvor Peters hjemby, Betsaida, lå.

Ein tanke om at det finst ein Gud som vart menneske til frelse for verda, vart for stor til at kunnskapsminister Tormod Røe Isaksen kunne tru.

Copyright © Sambåndet 2017