Sambåndet

Søndag 25. juni 2017
RSS

Selbekk følte seg svikta av regjering og kristenleiarar

 NY BOK: Redaktør Vebjørn Selbekk (t.h.) uttrykte stor takksemd for den støtta han har fått frå generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold. Her er dei to på lanseringa av Selbekks bok ”Truet av islamister”. FOTO: OLE ANDREAS HUSØY (KPK) Av Ole Andreas Husøy (KPK) 10. januar i år stod ein faksimile frå danske Jyllands-Posten […]

Av admin. Publisert 3. oktober 2006.

  
NY BOK: Redaktør Vebjørn Selbekk (t.h.) uttrykte stor takksemd for den støtta han har fått frå generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold. Her er dei to på lanseringa av Selbekks bok ”Truet av islamister”.
FOTO: OLE ANDREAS HUSØY (KPK)

Av Ole Andreas Husøy (KPK)

10. januar i år stod ein faksimile frå danske Jyllands-Posten på trykk i den norske avisa Magazinet. Karikaturteikningane av profeten Muhammed førde til omfattande uro i mange land. I Damaskus i Syria vart den norske ambassaden angripen og sett i brann. Det storma kring Magazinets redaktør Vebjørn Selbekk.

– Eg følte meg til tider einsam, sa han då boka ”Truet av islamister” blei lansert tysdag.
– Men Per Edgar Kokkvold er eit av dei heiderlege unntaka, la han til.

Kokkvold er generalsekretær i Norsk Presseforbund og har skrive forordet til Selbekks bok. Ein av grunnane til at Kokkvold, som omtalar seg sjølv som ”upersonleg” kristen, ville skrive forordet, er at han meiner norske styresmakter behandla Selbekk dårleg. Kokkvold synes Selbekk vart gjort til syndebukk.

Det norske utanriksdepartementet sendte eit skriv med argumentasjonspunkt til sine ambassadar då uroa hadde brote ut. Kokkvold meiner argumenta i stor grad er retta mot Magazinet og Selbekk. Han er også kritisk til at dokumentet som ble sendt ambassadane uttrykkjer forståing for at muslimane reagerte som dei gjorde.

– Samstundes inneheld skrivet berre ei setning om ytringsfridom, påpeikar Presseforbundets generalsekretær.
Kokkvold tykkjer heller ikkje at Selbekk fekk den støtte hos norske media som han fortente.
– Magazinet gjorde ikkje noko gale, og det var ikkje gjort for å provosere, seier han.
”Hvis friheten skal ha noen mening, må den bety friheten til å si det andre ikke liker å høre”, slår Kokkvold fast i forordet.

Oppgjer med regjeringa.
Selbekk er takksam for den støtta han fekk frå Kokkvold i ei turbulent tid, og seier den har betydd mykje også for hans familie og for redaksjonen i Magazinet. Kokkvold har sjølv motteke drapstrugsmål på grunn av si støtte til Selbekk.

 

Ved sidan av å ha ei historie å fortelje frå dei turbulente vekene etter at teikningane var trykt, tar Selbekk og eit oppgjer med regjeringa.
Han sit med kjensla av at den norske regjering prøvde å leggje så mykje som mogeleg av ansvaret for bråket på Magazinet, som vart omtala som ei lita, kristen avis.
Selbekk spør seg om Regjeringa ved sin handlemåte har medverka til å nøre opp under uroa, til dømes ved å streke under at de var ei kristen avis som hadde trykt faksimile av teikningane, medan fleire norske aviser hadde gjort det same.

Magazinets redaktør seier at noko av det han syntes var tyngst, var kritikken han fekk frå ein del kristne leiarar.
– Men eg fekk mykje støtte frå kristne på grasrota, seier han.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

På Kvinesdal bedehus planlegger ImF- og NLM-foreningene å danne forsamling.

Rallycrossfører Simon Wågø Syversen (24) har plassert henvisning til «Den lille bibel» på kanskje den viktigste sponsorplassen i fronten på bilen.

Med fare for å bli oppfattet som moralist og mørkemann tar jeg pennen fatt.

I sine 40 år som kristenlivsjournalist har Jan Arild Holbek vore oppteken av å ikkje meine noko offentleg. Det har han ikkje tenkt å slutte med no sjølv om han er blitt pensjonist.

Indremisjonskoret er svekket og må ta samling i bunn for å kunne gå videre.

Copyright © Sambåndet 2017