Sambåndet

Søndag 25. juni 2017
RSS

– Får lite konsekvensar for ImF

  KFUK-KFUM OPNAR FOR HOMOFILE  SOM LEVER I PARTNERSKAP: – Det smerkar, men får lite konsekvenar for ImF som organisasjon, seier Hallaråker.FOTO: EGIL J. DANIELSEN Av Vilhelm Viksøy Vedtaket i KFUK-KFUM er gjort på bakgrunn av ein høringsrunde som vart avslutta 4. desember. Svarprosenten var på ca 50% og 17 av 21 instansar stemte ja […]

Av admin. Publisert 14. desember 2006.

  

KFUK-KFUM OPNAR FOR HOMOFILE  SOM LEVER I PARTNERSKAP: – Det smerkar, men får lite konsekvenar for ImF som organisasjon, seier Hallaråker.
FOTO: EGIL J. DANIELSEN

Av Vilhelm Viksøy

Vedtaket i KFUK-KFUM er gjort på bakgrunn av ein høringsrunde som vart avslutta 4. desember. Svarprosenten var på ca 50% og 17 av 21 instansar stemte ja til forslaget om å opna for homofile i partnarskap på alle nivå, ein stemte imot og tre ville vente på Kykjemøtet si handsaming av saka.

– Det smertar kvar gong nokon kjem ut med bibelstridig standpunkt. Særleg alvorleg er det når det skjer i eit tema som Bibelen relaterer til frelse eller fortaping, seier generalsekretær i ImF, Karl Johan Hallaråker, men trur ikkje dette vil få dei store konsekvensane for Indremisjonsforbundet som organisasjon. 

– Vi har på landsplan ikkje noko åndeleg samarbeid med KFUK-KFUM. Eg har også tillit til at krinsane våre og lokalplanet vil halda seg borte frå samarbeid med folk som hevdar eller praktiserer slike bibelstridige standpunkt.

– Så det er andre som vil kjenne sterkare på denne utfordringa?
– Ja, det blir større utfordring for organisasjonar som samarbeider med KFUK-KFUM på landsplan eller i ytre misjon. Den største utfordringa vil nok lokale kyrkjelydar i Den norske kyrkja få. KFUK-KFUM er jo svært aktive med å prøva å opptre som dei er kyrkja sitt ungdomsarbeid.
– Så her må eg utfordra kyrkjelege leiarar som vil verna om bibelsk lære, til å markera seg klart imot KFUK-KFUM etter dette. Dersom nokon lagar opne kanalar for KFUK-KFUM etter dette, mister dei eigentleg eige truverde. Eg håpar inderleg at ikkje det skjer, seier Hallaråker.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

På Kvinesdal bedehus planlegger ImF- og NLM-foreningene å danne forsamling.

Rallycrossfører Simon Wågø Syversen (24) har plassert henvisning til «Den lille bibel» på kanskje den viktigste sponsorplassen i fronten på bilen.

Med fare for å bli oppfattet som moralist og mørkemann tar jeg pennen fatt.

I sine 40 år som kristenlivsjournalist har Jan Arild Holbek vore oppteken av å ikkje meine noko offentleg. Det har han ikkje tenkt å slutte med no sjølv om han er blitt pensjonist.

Indremisjonskoret er svekket og må ta samling i bunn for å kunne gå videre.

Copyright © Sambåndet 2017