Sambåndet

Lørdag 24. juni 2017
RSS

Stortingets fråhaldsgruppe dunsta bort

 TIDLIGERE STORTINGSREPRESENTANT:– Det siste fråhaldsgruppa gjorde, var å sende eit brev til Stortingets nobelpriskomité og  tilrå at den internasjonale fråhaldsrørsla skulle få Nobels fredspris, seier Finn Kristian Marthinsen. (FOTO: INGUNN STRAND/KPK) Av Torbjørn Greipsland/KPK Den tidligare stortingsrepresentanten og generalsekretæren i Blå Kors, Finn Kristian Marthinsen, svarar dette på spørsmål om det er behov for ein person til […]

Av admin. Publisert 16. januar 2007.
  
TIDLIGERE STORTINGSREPRESENTANT:
– Det siste fråhaldsgruppa gjorde, var å sende eit brev til Stortingets nobelpriskomité og  tilrå at den internasjonale fråhaldsrørsla skulle få Nobels fredspris, seier Finn Kristian Marthinsen.
(FOTO: INGUNN STRAND/KPK)

Av Torbjørn Greipsland/KPK

Den tidligare stortingsrepresentanten og generalsekretæren i Blå Kors, Finn Kristian Marthinsen, svarar dette på spørsmål om det er behov for ein person til å gi hjelp til  representantar som har alkoholproblem. Nyleg blei det kjent at Per Arne Dahl skal verke på deltid som prest på Stortinget. Dessutan har Per Sandbergs inntak av akevitt før han gjekk på talarstolen, vore eit heitt tema. Og stortingsrepresentant og lege Olav Gunnar Ballo sa i eit intervju i Dagbladet i fjor at norske politikarar vert utsette for drikkepress.

– På svært mange jobbrelaterte middagar blir det servert alkohol.  Eg vonar andre yrkesgrupper ikkje drikk like mykje som politikarane, sa Ballo.
 At det opp gjennom åra har vore stortingsrepresentantar som har hatt alkoholproblem, er Marthinsen kjend med. 
 – Derfor kan det vere viktig at det på komitéreiser er ein medrepresentant som kan gi moralsk støtte til den som måtte har problem med alkohol, seier Marthinsen. Det treng ikkje vere ein fråhaldsmann som gir hjelp.
 I fleire år hadde Stortinget ei fråhaldsgruppe. Den har somna stille inn.
 

– Det er rett at det var ei slik gruppe. Vi visste kven frå dei ulike partia som var med. Men nokon møteverksemd var det ikkje dei siste åra eg var på Stortinget. Det siste gruppa gjorde, var å sende eit brev til Stortingets nobelpriskomité og tilrå at den internasjonale fråhaldsrørsla skulle få Nobels fredspris, seier Finn Kristian Marthinsen, som ikkje meiner det er noko behov for at ei  fråhaldsgruppe skal ha ein direkte diakonal funksjon. 
– Det er først og fremst gruppeleiar som skal sørgje for at stortingsrepresentantar som har alkoholproblem, får hjelp, ifølgje Marthinsen.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

På Kvinesdal bedehus planlegger ImF- og NLM-foreningene å danne forsamling.

Rallycrossfører Simon Wågø Syversen (24) har plassert henvisning til «Den lille bibel» på kanskje den viktigste sponsorplassen i fronten på bilen.

Med fare for å bli oppfattet som moralist og mørkemann tar jeg pennen fatt.

I sine 40 år som kristenlivsjournalist har Jan Arild Holbek vore oppteken av å ikkje meine noko offentleg. Det har han ikkje tenkt å slutte med no sjølv om han er blitt pensjonist.

Indremisjonskoret er svekket og må ta samling i bunn for å kunne gå videre.

Copyright © Sambåndet 2017