Sambåndet

Tirsdag 14. august 2018
RSS

Etterlengta julegåve

 KLAR MED ANDREÅRS-LINJE: Rett før jul kom gladmeldinga, dei nye fagplanane er endeleg godkjent av Utdanningsdirektoratet. FOTO: VILHELM VIKSØY Av Vilhelm Viksøy Rektor Arnfinn Norheim er svært glad for at svaret endeleg er på plass og at både dei reviderte førsteårsplanane og det nye andreårs-tilbodet er godkjent, utan merknadar. Mista elevar– Denne godkjenninga er eit […]

Av admin. Publisert 20. januar 2007.

  
KLAR MED ANDREÅRS-LINJE: Rett før jul kom gladmeldinga, dei nye fagplanane er endeleg godkjent av Utdanningsdirektoratet. FOTO: VILHELM VIKSØY

Av Vilhelm Viksøy

Rektor Arnfinn Norheim er svært glad for at svaret endeleg er på plass og at både dei reviderte førsteårsplanane og det nye andreårs-tilbodet er godkjent, utan merknadar.

Mista elevar
– Denne godkjenninga er eit basisdokument som det pedagogiske arbeidet kviler på og så lenge dette ikkje var på plass, hadde me heller ikkje den tryggleik og det frimod me trong. Dette gjeld for eksempel marknadsføringa. Det er grenser for kor lenge det er kjekt å skrive «under føresetnad av godkjenning frå Utdanningsdirektoratet».

Søknaden vart levert i januar 2005, i god tid før fristen 1. april. Då var dei lova svar frå Utdanningsdirektoratet i god tid før skulestart i fjor haust. Det fekk dei aldri. Norheim veit at fleire elevar av førsteårs-elevane i fjor som vurderte eit år til på andreårs-linja, mista interessa så lenge godkjenninga ikkje kom på plass.

Taust direktorat
Det mest frustrerande i ventetida har vore å ikkje vete kvar saka har stått, for signala har vore få og ansvarlege i direktoratet har vore svært vanskelege å nå. Norheim veit frå fleire hald at direktoratet har hatt stort arbeidspress og mange opp-gåver å ta fatt i, og vil difor ikkje klandre direktoratet åleine. For sjølv om Utdanningsdirektoratet i utgangspunktet skal være politisk uavhengig instans, trur han likevel regjeringsskiftet og nye sjefar i Kunnskapsdepartementet, også har spelt ei rolle.

Forventingar
No når godkjenninga er på plass, ser rektoren framover med optimisme. Søknadar for neste skuleår har alt tikka inn og han håper på full skule på begge linjene frå hausten. Særleg har han forventingar til det nye andreåret som nå er godkjent for 15 elevar.
– Eg har forventingar til ei linje som utrustar og formar unge for teneste og utfordringar midt i sentrale satsingsområde for ImF som forsamlingsarbeid, barne- og ung-domsarbeid og forkynning, seier Norheim.

– Så no går utfordringa til kretsar, forsamlingar, skular og andre aktuelle praksisplassar om å leggje tilhøva til rette for å ta imot andreårs-elevar får hausten. Me trur at sjølv om elevane er nokre fleire veker her på skulen enn dei tidlegare «eittåringane» var, så vil me på lengre sikt tene på dette. For no vil me ha høve til å følgje opp elevane i større grad slik at me kan forme dei unge for teneste i fleire år og ikkje i same grad risikere at dei er sletne etter eitt år som «eittåring».

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Forkynneren John Piper skrev to nye vers til den kjente sangen «Stor er din trofasthet» for å være komfortabel med at den skulle synges etter hans tale.

Kristne foreninger mottar hvert år 1,7 millioner kroner fra Grasrotandelen til Norsk Tipping. Hadde pengene vært gitt direkte i kollekten, ville summen vært 35 millioner kroner.

Israels ambassadør i Norge, Raphael Schutz, mener Dagbladet har brakt til torgs en antisemittisk karikaturtegning.

Er du interessert i Bibelens historie i blant annet Norge, er Nordisk bibelmuseum i Oslo stedet å oppsøke.

Odd Dubland samanliknar livsgjerninga til Hans Nielsen Hauge i Norge med ord Paulus brukte om Israels kong David.

Copyright © Sambåndet 2018