Sambåndet

Lørdag 24. juni 2017
RSS

Bioteknologi på liv og død

 BRENNHEITT TEMA: Boka ”Bioteknologi på liv og død” vart lansert tysdag. Frå venstre forfattarane Espen Ottosen og Torleiv Ole Rognum. Vidare Inger Lise Hansen (KrF) og Olav Gunnar Ballo (SV) .(KPK-FOTO: OLE ANDREAS HUSØY)  Av Ole Andreas Husøy Tysdag lanserte Lunde Forlag boka ”Bioteknologi på liv og død”.– Det er ei avdempa bok, vi har prøvd […]

Av admin. Publisert 15. mai 2007.

  
BRENNHEITT TEMA: Boka ”Bioteknologi på liv og død” vart lansert tysdag. Frå venstre forfattarane Espen Ottosen og Torleiv Ole Rognum. Vidare Inger Lise Hansen (KrF) og Olav Gunnar Ballo (SV) .
(KPK-FOTO: OLE ANDREAS HUSØY)

 Av Ole Andreas Husøy

Tysdag lanserte Lunde Forlag boka ”Bioteknologi på liv og død”.
– Det er ei avdempa bok, vi har prøvd å vere nyanserte. Eg trur og at dei som er samde i den liberalisering av bioteknologilova som er foreslått, vil meine at det er mykje nyttig kunnskap å hente i boka, sa Ottosen.
Rognum presiserte at han ikkje er motstandar av bioteknologi. – Tvert om. Hadde eg vore kunnskapsminister hadde eg satsa mykje meir på bioteknologi, sa han.
Men han meiner forsking på befrukta egg er å gå over ei etisk grense, og han meiner politikarane har høyrd for mykje på forskarane i denne saka.

Mehmet-saka
Mehmet-saka blir kommentert i boka, og den vart og kommentert av stortingsrepresentant Olav Gunnar Ballo (SV) som saman med nestleiar i KrF, Inger Lise Hansen, deltok på lanseringa av boka.
Ikkje minst vart medias rolle i Mehmet-saka vigd merksemd: – Eg har aldri elles vore utsett for eit slikt mediekjør. Det er dei tøffaste månadene eg har gjennomlevd i mitt liv, sa Ballo. Han meiner media si dekning av saka i liten grad har vore med på å opplyse folk om kva saka dreier seg om.
– Skal vi ha eit levande demokrati, må media og ta med motførestellingane, sa Ballo som elles hadde følgjande åtvaring: – Skal alt som er teknisk og medisinsk mogeleg vere lov, misser vi heilt styringa.
Inger Lise Hansen trur få eller ingen ønskjer eit sorteringssamfunn: – Men eg trur ein del overser kva som kan bli dei praktiske konsekvensane av å liberalisere bioteknologilova, sa ho. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

På Kvinesdal bedehus planlegger ImF- og NLM-foreningene å danne forsamling.

Rallycrossfører Simon Wågø Syversen (24) har plassert henvisning til «Den lille bibel» på kanskje den viktigste sponsorplassen i fronten på bilen.

Med fare for å bli oppfattet som moralist og mørkemann tar jeg pennen fatt.

I sine 40 år som kristenlivsjournalist har Jan Arild Holbek vore oppteken av å ikkje meine noko offentleg. Det har han ikkje tenkt å slutte med no sjølv om han er blitt pensjonist.

Indremisjonskoret er svekket og må ta samling i bunn for å kunne gå videre.

Copyright © Sambåndet 2017