Dårleg nytt frå Bostadutvalet

 BOSTADUTVALET: – Dette forslaget er inga framtid for landet, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker.(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Vilhelm Viksøy Hallaråker er ikkje imponert over arbeidet frå det såkalla Bostadutvalet som vart lagt fram fredag.– Eg kan konstatera at det er meir enn «eit rosebedd» mellom nåverande paragrafar med forankring i foreldreretten og ei kristen oppseding, til dei nye […]

  
BOSTADUTVALET: – Dette forslaget er inga framtid for landet, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker.(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Av Vilhelm Viksøy

Hallaråker er ikkje imponert over arbeidet frå det såkalla Bostadutvalet som vart lagt fram fredag.
– Eg kan konstatera at det er meir enn «eit rosebedd» mellom nåverande paragrafar med forankring i foreldreretten og ei kristen oppseding, til dei nye forslaga, seier han.

Eit av punkta Hallaråker reagerer på er omsynet til foreldreretten. Den er dramatisk svekka og prinsipielt endra.
– Det er eit tankekors at paragrafen for barnehagen med hovudfokus på leik, startar med «i samarbeid og forståelse med hjemmet», medan skulen som står så sentralt i verdiformidling og oppseding, berre har «samarbeida med heimen», nærast som eit siste vedheng. Å svekka foreldreretten på denne måten er prinsipielt heilt forkasteleg og uakseptabelt. At heile utvalet samla seg om eit slikt kompromiss er uforståeleg, seier Hallaråker.

Han er og spørjande til verdigrunnlaget den nye føremålsparagrafen er tufta på.
– Kristendom, religionar og livssyn er faktisk prinsipielt likestilte i formuleringane. Dette er eit svært alvorleg slag mot fundamentet i vårt samfunn, seier Hallaråker. Sjølv meinar han at det ville vore best dersom det framleis vart gitt ei kristen oppseding.
– Vi veit at skulen sin tradisjon er godt i stand til å handtera med respekt foreldre og born som tilhøyrer andre religionar og livssyn. Om ein skal endra paragrafen i den retning som ein føreslår, er minstekravet at ein skil mellom å byggja på kristen verdiforankring og så ha med at skulen skal syna respekt for religionar og livssyn. Slik det nå står, er det også pedagogisk forvirrande både for lærarar og skuleborna, understrekar Hallaråker som også undrar seg over at utvalet definerer skulen si oppgåve til berre å handle om opplæring.
– Opplæring er eit for snevert ord i høve til oppseding (bokmål oppdragelse.) Når ein ser oppløysingstendensane i samfunnet, må vi ikkje forråda våre born og unge. Dei treng ikkje berre opplæring.

Nå er han spent på Stortinget si handsaming av framlegget. Han håpar dei tar ansvar og ser lengre enn det Regjeringa og utvalet har greidd i dette arbeidet.
– Både samansetjinga av utvalet, presset om kompromisset i komiteen, og heile regien frå Regjeringa, er så tendensiøs at Stortinget bør reagera kraftig. Det beste er om heile saka endar langt nede i ei skuffa i departementet! Forslaget er inga framtid for landet.

Heile kommentaren til Hallaråker kan du lesa her.
Dei nye paragrafane kan du lesa her
Vil du å studere heile utgreiing og innstillinga frå Bostadsutvalet, finn du denne som pdf-fil her.

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.