Sambåndet

Fredag 18. august 2017
RSS

530 sende ut som korttidsmisjonærer

 TIL ØSTEN: Hovudvekta av årets korttidsteam frå Ungdom i Oppdrag dreg til Europa, men nokre dreg og til Asia.(FOTO: UIO)   Av Ole Andreas Husøy    Heilt sidan Ungdom i Oppdrag starta i Noreg for 35 år sidan har organisasjonen sendt ut hovudsakleg unge menneske på team til ulike land. Talet på menneske og destinasjonar […]

Av admin. Publisert 19. juni 2007.
  
TIL ØSTEN: Hovudvekta av årets korttidsteam frå Ungdom i Oppdrag dreg til Europa, men nokre dreg og til Asia.
(FOTO: UIO)

 

Av Ole Andreas Husøy 

 

Heilt sidan Ungdom i Oppdrag starta i Noreg for 35 år sidan har organisasjonen sendt ut hovudsakleg unge menneske på team til ulike land. Talet på menneske og destinasjonar har endra seg i løpet av denne tida. Hausten 2006 vart det bestemt at ein i 2007 skulle satse på å få flest mogeleg ut på korttidsteam i Europa, heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen.

 

Betalar reise og opphald sjølv
Dei fleste som reiser ut på korttidsmisjon er mellom 20 og 30 år. Deltakarane betalar sjølv utgiftene til reise og opphald.
– Det viser at ungdom i dag er villige til å ofre noko for ei sak dei trur på, seier Alv Magnus (62), som er leiar av Ungdom i Oppdrag.
– Kvifor korttidsmisjon?
– Dersom teamet er godt organisert og jobbar i ein langtidssamanheng, viser vår erfaring at eit team kan utrette mykje i løpet av nokre intensive veker. Ein tilleggseffekt av korttidsmisjon er at unge menneske får smaken på misjon og kan slik få kall til langtidsmisjon, seier han.

 

Støttar opp om langsiktige tiltak
Ungdom i Oppdrag driv fleire misjonssenter i Noreg der ein trenar unge menneske til misjon. Eit av desse sentra ligg i Skien, der Runar Byberg (38) er leiar. Dei sender ut bortimot 200 ungdomar på team i år. Byberg seier at ein alltid reiser til stader der korttidsengasjementet til Ungdom i Oppdrag er eit tilskot til ei satsing med langtidsperspektiv.
– Våre samarbeidspartnarar ute opplever korttidsteama som ei viktig vitalisering og hjelp i sitt engasjement, seier Byberg. KPK

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Gaven fra en anonym lottovinner brukes til å ruste opp Fjell-Ly.

Etter en tids leting har ImF Midthordland nå fått ansatt en ny barne- og ungdomsleder.

Begrepsbruken til et muslimsk trossamfunn har gjort det nødvendig for NLM-forsamlingen i Kristiansand å presisere ståstedet sitt.

Arkeologer tror el-Araj er svaret på hvor Peters hjemby, Betsaida, lå.

Ein tanke om at det finst ein Gud som vart menneske til frelse for verda, vart for stor til at kunnskapsminister Tormod Røe Isaksen kunne tru.

Copyright © Sambåndet 2017