Sambåndet

Fredag 22. september 2017
RSS

ImF startar arbeid i Ukraina

Av admin. Publisert 10. august 2007.
 
SAMARBEID I UKRAINA: Generalsekretær Karl Johan Hallaråker flankert av biskop Georg Guntsch og
ungdomsleiaren, pastor Aleksander Gross. FOTO: PRIVAT

Av Vilhelm Viksøy

Misjonsprosjekt i Aust-Europa har vore eit mål for ImF i forlenginga av «Røter og fornying» som blei drøfta under GF 2005. At saka kom på dagsorden nå, har sin konkrete bakgrunn i at Danielsen ungdomsskule på Sotra ynskja eit misjonsprosjekt i regi av ImF.

Sterkt møte
Saman med ein av prosjektleiarane i Danielsen ungdomsskole Sotra, Laila Eidsheim, har generalsekretær Karl Johan Hallaråker nett vore i Ukraina og drøfta opplegget med leiarane i kyrkja.
– Eg har jo besøkt kristne kyrkjer både i Asia og Afrika, og vore mange gonger hos kristne i Aust-Europa, men denne gongen var det spesielt. Det å møta kristne som ber på eit sterkt kall om å nå folket sitt med evangeliet samtidig som dei har så avgrensa med ressursar, gjer eit sterkt inntrykk, seier Hallaråker.

– Aller sterkast inntrykk gjorde det då dei fortalde korleis dei hadde bedt lenge om at Gud måtte gje dei venner som kunne hjelpa dei med bibelundervisning og utrustning av leiarar, slik at dei kunne gå inn gjennom opne dører til born og unge. Då dei fortalde om reaksjonane etter første mailen frå oss, var det vanskeleg å halda tårene tilbake. At det vart Ukraina og denne kyrkja er ein kombinasjon av bønn og Guds leiing ifølge Hallaråker. Gjennom nettverket for indremisjon i Europa, Eurim, har han ved fleire høve dei siste åra møtt den unge leiaren Aleksander Gross.

Åndeleg arbeid
– Når han gjennom samtalar fortalde om deira utfordringar og sin åndelege profil, har eg ikkje greidd å sleppa taket i dette. Det har faktisk følgd meg seinare. Då Danielsen ungdomsskule kom på banen, blei det for meg også eit konkret bønnesvar. Aleksander Gross og hans medarbeidarar la for dagen ein åndeleg kvalitet og bibeltru profil som gjev stor tillit. Her får vi vera med på noko svært viktig i åra som kjem, seier Hallaråker.

Samarbeidskyrkja har røtene sine i Tyskland og får noko støtte frå kyrkjer der til «tradisjonelt virke», men indremisjonsarbeid med vekt på barne- og ungdomsarbeid, bibelopplæring og evangeliseringsarbeid, er det derimot ikkje støtte til. Dette er det ImF og Danielsen ungdomsskole Sotra skal hjelpe til med.
– Vi treng nytt fokus på misjon i Europa. Vi lever i ei lagnadstid. Det hastar og er indremisjon av beste merke, sier Hallaråker og legg til:
– Eg er svært glad for at Danielsen vart med på dette og håper at det også skal inspirera andre skular og ungdomsgrupper.
 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Det er forskjell på hvordan Gud kommuniserer «i fordums tid» og i «disse siste dager».

Sloveneren Primoz Roglic klatret i går inn til tempo-sølv i sykkel-VM. Oppladningen hadde han på ImF Midthordland sitt leirsted, Fjell-ly.

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik og forfatter og forkynner Asle Hetlebakke er blant gjestene når Molde folkehøgskole denne uken skal feire 100-årsjubileum.

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Copyright © Sambåndet 2017