Sambåndet

Tirsdag 20. august 2019
RSS

– Guds sterke hand har halde meg oppe

 RAMMA AV PARKINSON: – Sjølv om eg ristar, står Guds grunnvollar fast, seier Børre Knudsen.(FOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK) Av Ole Andreas Husøy – Mange gonger har eg vore i ferd med å søkke, men Hans sterke hand har halde meg oppe, sa Knudsen då han på 70-årsdagen måndag vart overrekt eit festskrift med over 30 […]

Av admin. Publisert 24. september 2007.
  
RAMMA AV PARKINSON: – Sjølv om eg ristar, står Guds grunnvollar fast, seier Børre Knudsen.
(FOTO: OLE ANDREAS HUSØY/KPK)

Av Ole Andreas Husøy

– Mange gonger har eg vore i ferd med å søkke, men Hans sterke hand har halde meg oppe, sa Knudsen då han på 70-årsdagen måndag vart overrekt eit festskrift med over 30 bidragsytarar.
Den markerte personlegdomen er prega av Parkinsons sjukdom, og skjelv mykje. Men med eit glimt i auga sa han:
– Sjølv om eg ristar, står Guds grunnvollar fast.
På ein pressekonferanse, der festskriftet ”Som en ild går Åndens ord” vart presentert, takka Knudsen sine støttespelarar opp gjennom åra, og han uttrykte takksemd og glede over å bli heidra på denne måten.
I ei helsing las han opp dei 17 punkta mot lova om sjølvbestemt abort som han hadde underskrive 18. desember 1978 i Balsfjord prestegard.
– Eg er ikkje komen til noko anna resultat i dag, fastslo Knudsen etter å ha lest opp punkta. Han la til at han har prøvd å handle som eit einfaldig Guds barn.

Varmt takka
Forlagssjef i Luther Forlag, Asle Dingstad, retta ein varm takk til Knudsen for eit vedvarande og truverdig forsvar av det ufødde liv.
Boe Johannes Hermansen, som har vore redaktør av festskriftet, sa at ein har ønskt å medverke til å halde saka varm gjennom å gi ut eit festskrift der menneskeverdet står i fokus.
Nokre av bidragsytarane i festskriftet var til stades og heidra Knudsen.
Professor Ola Didrik Saugstad karakteriserte jubilanten som ein av få ekte opprørarar her i landet. Han la til at det norske samfunn ikkje har bestått prøva gjennom den måten det har behandla Børre Knudsen på.
Liv Kjersti Skjeggestad frå organisasjonen Menneskeverd sa at ho beundrar Knudsen for den måten han har kjempa det ufødde livs og menneskeverdets sak.
Trond Kverno trekte fram Knudsen evner som salmediktar.

Sanninga provoserer
Pater Kjell Arild Pollestad, som og var til stades på pressekonferansen, sa at det provoserande med Børre Knudsen er at han snakkar sant.
– Eg trur det norske kristenfolk ein gong i framtida vil vere like takksame for at ein hadde Børre, som ein er takksam over å ha hatt Hans Nielsen Hauge, sa Pollestad. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

KVS-Lyngdal og Bildøy Bibelskole må «ut på bygda» for å få plass til alle elevene, og KVS-Bygland passerte 60 elever – med erfaringsbasert håp om flere.

KOMMENTAR Biskop Atle Sommerfeldt må lære seg forskjellen på å bli støtt og å bli utstøtt.

Muslimske og kristne minoritetsungdommar godtar at leiinga i religiøs samanheng er mannsdominert, sjølv om dei forventar likestilling heime og i offentlegheita elles.

NMS-misjonær Tor Helge Brandsæter hjelpte ei thailandsk kyrkje å satsa på berekraftig jordbruk. Det skaper ei interesse som gjer det lettare å nå inn òg med evangeliet.

KOMMENTAR 21-åringen fra Bærum som er siktet for terror og drap, begynte å lese i Bibelen, meldes det. Skulle det gi grunn til bekymring?

Copyright © Sambåndet 2019