Sambåndet

Lørdag 22. juli 2017
RSS

Jubileumstur til Israel

  Av Vilhelm Viksøy – Eg gler meg veldig og håpar mange tek kontakt og har lyst til å vera med, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker. Saman med kona Anne Marie og bibelskulerektor-paret Arnfinn og Britt Margon Norheim, skal han vera reiseleiar og vert for turen. Variert innhaldBakgrunnen for turen er Israel sitt 60-årsjubileum i […]

Av admin. Publisert 6. mars 2008.
  

Av Vilhelm Viksøy

– Eg gler meg veldig og håpar mange tek kontakt og har lyst til å vera med, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker. Saman med kona Anne Marie og bibelskulerektor-paret Arnfinn og Britt Margon Norheim, skal han vera reiseleiar og vert for turen.

Variert innhald
Bakgrunnen for turen er Israel sitt 60-årsjubileum i 2008 og turen vert 11.-23. oktober med direktefly.
– Det er mange turar til Israel. Kva gjer at folk bør velja denne turen framfor andre?
– Eg er ikkje så oppteken av å samanlikna med andre for det er mange gode turar. Men me skal besøkja både bibelske og historiske stadar. Me skal oppleva lauvhyttefesten og den er like fascinerande og stor oppleving kvar gong. Me skal møta menneske frå ulike grupperingar som jødar, messiastruande, beduinar og kristne arabarar. Det vert møter med politikarar og dessutan vert det temasamlingar med ulik type undervisning der det vert god tid til samtale etterpå.

– Så det vert litt studietur også?
– Ja, men det vert rikeleg tid til ferie òg, så det er ingen grunn til å uroa seg over det, seier Hallaråker.

For alle
Turen vert arrangert i samarbeid med Si-REISER og heile turprogrammet finnes i katalogen deira. Nå håpar Hallaråker at flest mogleg har lyst å feira bursdag for Israel, i Israel. Han understrakar og at dei legg opp til ein tur som skal inkludera både dei som aldri har vore i Israel, og dei som har hyppige stempel i passet.   

– Og eg håpar me får sjå både gamle ImF-vener og mange ukjende nye vener. Dette er ein open tur. Det tyder at folk som ikkje har direkte relasjon til ImF også er varmt velkomne. Turen skal høva om du reiser aleine eller om det er lokale grupper som vil bli med, seier Hallaråker.

For meir informasjon og påmelding kan du kontakta ImF på tlf 56 31 42 40.
Hele programmet kan du laste ned i pdf-format her

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

– Vi må enten bygge eller legge ned campingen etter hvert, sier ImF-leder Erik Furnes.

Dimitri Cubrevic var en av mange kristne ungdommer som forlot området i Latvia der KVS-Bygland er engasjert, på jakt etter et bedre liv. Men han valgte å vende tilbake.

Tarald Ueland er en veteran på Lyngdal Bibelcamp, og i år har han og kona Laila ansvar for programposten Kveldsåpent den første uka.

Ivar Stensland (27) skal jobbe med både forsamlingsarbeid og barne- og ungdomsarbeid og prøve å integrere begge deler.

Etter alt å dømme vil det komme krav om at avstanden mellom «spikerteltene» på campingplasser må økes, men det skjer tidligst fra nyttår.

Copyright © Sambåndet 2017