– Biskopane snur opp ned

 TENKJER FEIL: Biskopane snur opp på kyrkja ned når dei kan leva med eit mangfald i læra, men ikkje evnar å å tilpassa dei kyrkjelege ordningane, meiner Karl Johan Hallaråker(FOTO:www.kirken.no) Av Ingjerd Våge – Kyrkja sine biskopar styrer etter ordningsfundamentalisme og lærepopulisme, meiner Hallaråker vidare og forklarer. – Det er læra som er einskapsbandet i […]

  
TENKJER FEIL: Biskopane snur opp på kyrkja ned når dei kan leva med eit mangfald i læra, men ikkje evnar å å tilpassa dei kyrkjelege ordningane, meiner Karl Johan Hallaråker
(FOTO:www.kirken.no)


Av Ingjerd Våge

– Kyrkja sine biskopar styrer etter ordningsfundamentalisme og lærepopulisme, meiner Hallaråker vidare og forklarer.

– Det er læra som er einskapsbandet i ei luthersk kyrkje, ordningar er menneskelege og kan vera fleksible seier Den augsburgske truvedkjenninga, CA 7. Biskopane snur dette på hovudet. Dei kan visst leva godt med mange lærer, men berre ei ordning, understrekar Hallaråker.

 

Etter årets bispemøte er det no nedsett ei arbeidsgruppe som skal arbeide med tilsynsproblematikken i Den norske kyrkja. Hallaråker meiner at ei slik gruppe i utgangspunktet er positivt, men er særs lite nøgd med valet dei har gjort i forhold til kven som sit i gruppa.

– I arbeidsgruppa sit ein kvinneleg homofilliberal biskop, ein homofilliberal domprost og ein konservativ prost, skriv han.

Den konservative prosten er derimot ikkje med i den såkalla Carissimi-gruppa, dette er dei som vil ha eit alternativt tilsyn. Hallaråker meiner dette er ”direkte diskriminerande” og at biskopane her viser at dei er meir opptatt av kyrkja sine ordningar, enn kyrkja si lære.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.