Kyrkjeforliket i Stortinget

 SVENSK RETNING: Retninga på forliket går i svensk lei, kor kyrkja er vorte enno meir politisert, meiner Karl Johan Hallaråker(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Prinsipielt har det skjedd noko viktig i Stortinget med brei semje om å flytta avgjerd frå Staten til kyrkja. Men når den første jubelbrusen har lagt seg, er det mange spørsmål som bør stillast. Her er […]

  
SVENSK RETNING: Retninga på forliket går i svensk lei, kor kyrkja er vorte enno meir politisert, meiner Karl Johan Hallaråker
(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Prinsipielt har det skjedd noko viktig i Stortinget med brei semje om å flytta avgjerd frå Staten til kyrkja. Men når den første jubelbrusen har lagt seg, er det mange spørsmål som bør stillast.

Her er mine første reaksjonar:

1. Indremisjonsforbundet sa i vår høyringsfråsegn at Den norske kyrkja bør bli eige rettssubjekt. Det er prinsipielt rett ut frå religionspolitiske vurderingar. Det seier Stortinget nei til.
2. Stortinget har lagt inn uklare krav og trugsmål om demokratisering. Dette er samanblanding av folkedemokratiske prinsipp og kyrkjelege prinsipp. Dei siste må vera forankra i forplikting på kyrkja sitt læregrunnlag i Bibel og vedkjenning.
3. Demokratiseringskrava kan faktisk føra til ei meir politisert kyrkje i framtida. Retninga på forliket går i svensk lei. Der har vi nettopp i sjølvstendegjeringa fått ei enno meir politisert kyrkje.
4. Eit av demokratiseringskrava synest å vera meir direkte val. Det synest eg er lite klokt. I ei folkekyrkje trur eg det filter som indirekte val til bispedømeråd og kyrkjemøte er, er nødvendig. I den store høyringa var det også halvparten som sa dette. I høyringane frå bispedøma på Vestlandet, var det så vidt eg veit, overveldande fleirtal for dette som eg her seier.
5. Ei sann folkekyrkje må vera ei kyrkje for folket og ikkje ei kyrkje av folket. Ei politisert kyrkje blir det motsette – ei kyrkje av folket og mindre for folket. Ei kyrkje som tilpassar seg folkemeininga blir faktisk mindre relevant for folk flest. Paradoksalt kan ei kyrkje av folket bli ei avfolka kyrkje.
6. Det er ikkje noko i kyrkjekompromisset som endrar tilhøva til organisasjonane. Vi må halda fram vår sjølvstendelinje minst like klart som før. 
7. Det knyter seg store utfordringar  til ny kyrkjelov. Det er her dei store slaga vil stå framover. Stortinget har lagt inn utidige trugsmål. For min del håpar eg at den nye kyrkjelova ikkje berre blir fotavtrykk av politikarane og reformrørsla og den offisielle kyrkja sine vurderingar. Ei kyrkjelov som ikkje tek omsyn til livet og den sjølvstendige profilen til misjonsrørsla, vil ikkje bli relevant for det levande kristenfolket i vårt land.

Karl Johan Hallaråker
Generalsekretær, Indremisjonsforbundet

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.