Sluttar som generalsekretær

 TAKKAR AV: Etter 12 år som generalsekretær gir Karl Johan Hallaråker seg etter GF neste sommar. (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Vilhelm Viksøy Avskjeden frå generalstolen har i følgje Hallaråker vore nøye planlagt lenge, og det er ikkje noko dramatisk som gjer at den kjem nett nå. – Etter 26 år på Bildøy, først som bibelskulerektor for å […]

  
TAKKAR AV: Etter 12 år som generalsekretær gir Karl Johan Hallaråker seg etter GF neste sommar.
(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Av Vilhelm Viksøy

Avskjeden frå generalstolen har i følgje Hallaråker vore nøye planlagt lenge, og det er ikkje noko dramatisk som gjer at den kjem nett nå.
– Etter 26 år på Bildøy, først som bibelskulerektor for å byggja opp den nye skulen, og så generalsekretær frå sommaren 1996, synest eg dette er klokt og fornuftig, seier han. Nå ser han fram til å fullføra denne delen av tenesta med GF i Molde 23.-27. juli 2009.

– Inga overrasking
Forbundsstyret i ImF vart orientert om avgjerda på sitt møte denne helga, men meldinga kom ikkje som noko stor overrasking på forbundsstyreleiar Erik Furnes.
– Han har hatt ei enorm tenestetid i ImF, først som rektor og deretter som generalsekretær. Det er forståeleg at han ynskjer å dra inn årene og bruka dei siste åra før pensjonsalderen til å gjera noko anna, seier Furnes som samstundes er glad for at Hallaråker har signalisert at han ynskjer å halda fram i ImF sjølv om han sluttar som generalsekretær.
– Vi ynskjer å leggja til rette for ei spesialstilling som ikkje vil vera direkte knytt opp til administrasjonen på Bildøy. Men korleis me skal sy ei slik stilling, skal me koma tilbake til etterkvart, seier Furnes.

Utfordrande jobb
Arbeidet med å finna ein ny generalsekretær skal leias av varaformann Magne Havaas og styremedlemene Knut Sørheim og Arne Lindekleiv. Det vert eit utfordrande arbeid, trur Furnes.
– I ein liten administrasjon som vår, er det mange funksjonar som tradisjonelt ligg i generalsekretærstillinga. Heldigvis har me over eit år til det arbeidet. I dette arbeidet blir det og viktig å lytta etter signal frå kretsar og lokalforsamlingar om korleis dei ynskjer me skal fylla generalsekretærfunksjonen.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.