Sambåndet

Søndag 25. februar 2018
RSS

Hallaråkers tale

 ISRAELSVENN: Karl Johan Hallaråker talte under Indremisjonsforbundets markering av Israels 60-årsjubileum. Feiringen fant sted under Sommerstevnet i Lyngdal.FOTO: EGILL J. DANIELSEN Av Karl Johan Hallaråker Kjære Ambassaderåd, kjære gjester, kjære misjons- og israelsvenner! 1. Draumen om landetOgså i eit museum kan det råda ei fortetta stemning. Også i eit museum kan sinn og tankar vera retta […]

Av admin. Publisert 24. juli 2008.

  
ISRAELSVENN: Karl Johan Hallaråker talte under Indremisjonsforbundets markering av Israels 60-årsjubileum. Feiringen fant sted under Sommerstevnet i Lyngdal.
FOTO: EGILL J. DANIELSEN

Av Karl Johan Hallaråker

Kjære Ambassaderåd, kjære gjester, kjære misjons- og israelsvenner!

1. Draumen om landet
Også i eit museum kan det råda ei fortetta stemning. Også i eit museum kan sinn og tankar vera retta meir mot det som skal koma, framtida, draumane og visjonen enn minna om det som var, og nå berre lever som museumsgjenstandar! Slik var det fredag ettermiddag den 14. mai 1948 i Bymuseet i Tel Aviv. Kl. 16.00 like før sabbaten blei innleia, blei møtet sett under leiing av den komande statsminister, David Ben Gurion. Møtet skulle starta med at eit orkester skulle spela den nye nasjonen sin nasjonalsong. Men då musikken uteblei, reiste forsamlinga seg og stemte i Hatikva, håpet:

”Så lenge den jødiske følelse enda bruser dypest inne i hjertet, og så lenge øyet enda skuer mot Sion i øst, mot soloppgang – så lenge er ei forsvunnet vårt inderlige håp – det to tusen  årige håp – om å bli et fritt folk i vårt land i Sions land og i Jerusalem.” (M.C. Imber)

Deretter las Ben Gurion opp sjølvstendeerklæringa, og før representantane kom fram for ein etter ein å signera dokumentet med si personlege underskrift, reiste leiaren for det nasjonal-religiøse partiet, Rabbi Fishman-Maimon seg, og bad den gamle hebraiske takkebøna: ”Velsigna vere du, Herre vår Gud, verdas konge, som har halde oss i live, og late oss nå fram til denne dag.” Etter underskriftene kom så den nye statsministeren med konklusjonen: ”Staten Israel er oppretta. Møtet er heva.”

Ein demokratisk nasjon var fødd. Israel er det demokratiske fyrtårnet midt i eit opprørt hav av diktaturstatar. Israel er rettsstaten som tek sine prinsipp på så høgt alvor at til og med landets statsminister må svara for seg. Ei fri presse og frie domstolar er meir enn kva andre statar i området kan visa til. Vi gratulerer Israel med dette jubileet. Vi er stolte over å ha representantar for det jødiske folk mellom oss denne ettermiddagen.

For oss som norske kristne israelsvenner er det liten tvil om vår overtyding – det var vår og Israels levande Gud som let den dagen i mai 1948 opprenna. Difor startar eg denne talen slik: Gratulerer med dagen. Soli Deo Gloria! Æra er Guds åleine!

Dei som opplevde mai-dagane i Noreg 1945, veit litt om kjenslene til eit folk etter fem år med okkupasjon. Men dei kjenslene sine røter er som ein ørliten dråpe i havet samanlikna med jødane sitt djupe kjenslehav mai-dagane 1948. For det jødiske folket var det eit to tusen årig håp slik nasjonalsongen uttrykkjer det.  År 70 etter Kristus er eit mørkt år. Då gjekk Messias sin mørke profeti i oppfylling. Det låg ikkje att stein på stein i Jerusalem, og tempelet var borte. Men dei smertefulle røtene er djupare – like frå davidsriket fall, bortføringane og delinga av landet, har håpet om Kanaan levd mellom det jødiske folk. Menneskeleg sett var det lite som tala for at det jødiske spreidde folket utan eige levande språk lenger, nokon gong skulle samlast heime igjen, som folk med eige språk og kultur. Men tenkjer ein slik, har ein ikkje rekna med den viktigaste faktoren: Den levande Gud. Hans ord står fast i himmelen. ”Løftene kan ikke svikte, Nei, de står evig fast.”  Det profetiske ordet er klart. Herren vil samla og velsigna folket sitt, 5Mos. 30:1-10. Lovnadene til Abraham har ikkje datostempel. I følgje Bibelen gjev Herren folket sitt tre sentrale lovnader:
• Han vil henta dei heim igjen.
• Han vil gjera landet fruktbart og grøderikt.
• Han vil

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Janne Ferstad skifter jobb. Etter påske blir hun ny daglig leder for Bergen Kristne Bokhandel.

Den Norske Israelsmisjon ønsker kontakt med kristne familier og enkeltpersoner som kan være vertskap for israelsk ungdom som er på reise.

Den verdenskjente vekkelsespredikanten som blant annet omtales som den viktigste evangelisten siden apostelen Paulus, døde onsdag 21. februar, 99 år gammel.

Awanas toppleder er imponert over måten ImF har tatt trosopplæringsopplegget til Norge på, og han har et klart råd for veien videre.

Norsk luthersk misjonssamband vil markere 70-årsjubileet for den israelske staten med seminar og bønn i stedet for flaggheising.

Copyright © Sambåndet 2018