Erik Furnes vert ny generalsekretær

 GENERALSEKRETÆR: Erik Furnes har takka ja til kallet om å bli ny generalsekretær i Indremisjonsforbundet frå hausten 2009.FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV  Av Øystein Lid Etter at forbundsstyret var samla i Ålesund i helga kom dei fram til eit einstemmig vedtak om å kalla Erik Furnes som ny generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF) frå hausten 2009. Furnes takka ja […]

  
GENERALSEKRETÆR: Erik Furnes har takka ja til kallet om å bli ny generalsekretær i Indremisjonsforbundet frå hausten 2009.
FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV

 
Av Øystein Lid

Etter at forbundsstyret var samla i Ålesund i helga kom dei fram til eit einstemmig vedtak om å kalla Erik Furnes som ny generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF) frå hausten 2009. Furnes takka ja i dag tidleg, måndag, og Karl Johan Hallaråker seier at ingenting var klart før kl. 08:30.

Hovudpersonen sjølv seier til sambaandet.no at resultatet har vore klart i heile to veker, men at han og familien trengde tid til å orientera vener om avgjersla på ein god måte, før dei fekk lesa om det i avisene.

– Eit sterkt kall
Furnes er audmjuk i forhold til oppgåva han har tatt på seg.
– Grunnen til at eg har sagt ja er at for det første at det har vore ei tydeleg samling om mitt kandidatur. Det opplever eg som eit sterkt kall, seier Furnes. Ein annan årsak han framhever er dei mange gode medarbeidarane han får i staben.

– Eg har lyst å setja ord på at det er noko av hovudgrunnen til at eg har sagt ja. Eg er avhengig av å ha gode medarbeidarar som kan utfylla det eg sjølv manglar. At eg kan vera med å la andre vera gode.

– Har du ein visjon for ditt arbeid som ny generalsekretær?
– Eg vonar at me framleis får vera eit vekkjarrop for folket vårt. At Gud kan bruka Indremisjonsforbundet til å kalla folk til omvending og til å fylgja Gud. Det er den vekkjartradisjonen me har som eg ønskjer å føra vidare, seier Furnes.

Moden kandidat
– Eg syns det er hyggelig og kjenner glede over valet, sa Karl Johan Hallaråker til dei tilsette i ImF på orienteringsmøtet. – Erik Furnes er ein god kandidat som me trur er moden for oppgåva.

 I ei pressemelding som vart utsendt frå forbundsstyret i dag heiter det at ”det er med stor glede og takk me har motteke hans ja til kallet. Erik Furnes er 42 år gamal og kjem frå Giske på Sunnmøre. Han er i dag krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon og formann i Forbundsstyret. Han kjenner organisasjonen svært godt”.

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.