Treng hjelp i åndskampen

 VEKKJINGSLENGT: I 2005 husa bedehuset i Stjørdal ei vekkjing som satte djupe spor. No satsar bede-husfolket på nytt fram mot forkynnar Einar Ulsteins vitjing i oktober. (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Øystein Lid I Torgveien 13, Stjørdal sentrum, ligg eit bedehus. År etter år har ein liten, men trufast gjeng samla seg der – kvar måndag klokka 20 […]

  
VEKKJINGSLENGT: I 2005 husa bedehuset i Stjørdal ei vekkjing som satte djupe spor. No satsar bede-husfolket på nytt fram mot forkynnar Einar Ulsteins vitjing i oktober. (FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Av Øystein Lid

I Torgveien 13, Stjørdal sentrum, ligg eit bedehus. År etter år har ein liten, men trufast gjeng samla seg der – kvar måndag klokka 20 – for å søkja Herren. Då Marit og Irene kom til byen i 2005 braut det ut vekkjing i den elles fredelege byen. Songevangelistane ville ikkje ta æra for det som skjedde: «Denne vekkjinga er eit resultat av at mange kristne har sådd ordet og vore uthaldande i bøn i lang, lang tid», sa dei.

Guds klokke
Etter ei tid med fullt bedehus og mange frelste, vart den heilt nye ImF-krinsen Trøndelag og Nordland stifta våren 2008, som eit ledd i å fordøya vekkjinga. Og no er tida komen for ein ny offensiv. Den fyrste helga i oktober kjem Einar Ulstein til byen.

– Me er i forventing og bøn, seier Kjell Kolbrek. Han er ein av dei som fast møter opp på bedehuset kvar måndag.

– Me ber om at Herren må senda vekkjing, og at han må begynna med oss. Guds klokke slår snart 12, så no tek det til å hasta.

Åndskamp 

Dei kristne i Stjørdal gjer alt dei kan for å reklamera for møtekampanjen, og få folk til bedehuset. Dei har kontaktar i lokalavisa, dei annonserer, og nyttar radiostasjonen Budstikka aktivt. Men viktigast av alt er bøna. 
– Me har så tru på bøn. Men det er ein åndskamp. Når me stod i vekkjinga i 2005 merka me at det var «ein annan ein» som sto i mot oss. I gamal tid sa dei at når det kakka på veggane så var vekkelsen der, for då var det nokon som prøvde å øydeleggja. 

 

Be for oss
Det er ein kamp som den vesle flokken i Stjørdal ikkje kan greia åleine. Difor er det fyrst og fremst menn og kvinner som kan stå saman med dei i bøn Kolbrek etterlyser før kampanjen i oktober.

– Eg vil minna bønnefolket om å stå saman med oss. Me er den yngste krinsen i ImF, og me håpar at mange vil vera med og dela visjonen vår saman med oss.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.