Sambåndet

Lørdag 21. april 2018
RSS

Arbeidar med kyrkjeutgreiing

 EIN TREDJE VEG: ImF ønskjer å leggja til rette for eit sentralt medlemsregister for medlemer som ynskjer vera del av ei større juridisk eining. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV Av Vilhelm Viksøy Dette er noko av konklusjonen i dokumentet «Kyrkjerettsleg tilknytning til Indremisjonsforbundet» som Hallaråker nyleg la fram for forbundsstyret. I dokumentet freistar han å komma til […]

Av admin. Publisert 29. september 2008.
  
EIN TREDJE VEG: ImF ønskjer å leggja til rette for eit sentralt medlemsregister for medlemer som ynskjer vera del av ei større juridisk eining. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Av Vilhelm Viksøy

Dette er noko av konklusjonen i dokumentet «Kyrkjerettsleg tilknytning til Indremisjonsforbundet» som Hallaråker nyleg la fram for forbundsstyret.
I dokumentet freistar han å komma til rette med utfordringa som har meldt seg med full tyngde siste året, etter at fleire som har vald å melda seg ut av Den norske kyrkje, etterlyser ei juridisk eining å vera ein del av i tillegg til sin lokale foreining eller forsamling.

Lovendring i 2001
Hallaråker ser for seg ein liknande praksis som hos Frelsesarmeen og Misjonsforbundet, som er registrert under «Lov om trudomssamfunn og ymist anna». Forslaget har han kalla «ein tredje veg», og inneber at ein opprettar ei juridisk eining som kan ivareta einskildpersonar sitt ynskje om eit medlemsskap. Denne kan opprettas som ei underavdeling av ImF-sentralt, ordnast lokalt eller som ein kombinasjon av begge.
Indremisjonsforbundet bana veg for ei slik ordning allereie på sitt årsmøte i 2001. Då vart dei nye lovene vedtekne, der det heiter: «Indremisjonsforbundet er dei krinsar, foreiningar, forsamlingar og kyrkjelydar … og enkeltpersonar som melder seg inn …»

IM-kirken i Åsane var fyrste forsamling som nytta seg av lovendringa då dei registrerte seg som kyrkjesamfunn 19. mars 2006. Sunnmørskirka, som starta opp 15. januar 2006, vedtok på sitt årsmøtet tidlegare i år, å gjere det same. I byforsamlingane Fredheim i Sandnes og Betlehem i Bergen, vert det også arbeidd med desse spørsmåla.

Kyrkjedanning
Problemstillinga er såleis ikkje ny, men det som no skjer i tillegg er den aktive tilrettelegginga for registrering i ei felles juridisk eining.
Hallaråker understrekar at det ikkje er noko kyrkjedanning som no er på trappene, men ei praktisk ordning for dei som ynskjer ei juridisk eining å væra ein del av.

– Men dei som ynskjer seg ei slik juridisk tilknyting ynskjer gjerne det fordi medlemskap i den lokale forsamlinga ikkje er nok, men dei vil vera del av noko større. Er det ikkje ei slags kyrkjeordning dei no får med «den tredje veg»? 
– Jo, det kan du seia. Men poenget er at vi ikkje omdannar misjonsrørsla til eit kyrkjesamfunn. Misjonslivet og tenesta skjer framleis i og frå forsamlinga uavhengig av den enkelte sitt formelle registrete kyrkjemedlemskap.

Dokumentet som no er handsama i forbundsstyret skal arbeidas vidare med inn mot Rådsmøtet i november. Samtidig som det vert sendt deltakarane her, vert det og gjort offentleg tilgjengeleg.
– Så folk flest kan gjerne studera det og gje sine innspel. Alt dette skjer ope og tilgjengeleg for alle, seier Hallaråker.        

Last ned sjølve dokumentet her

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

På tre år har søkningen til misjonseide NLA Høgskolen i Samordna opptak økt med 100 prosent.

Styret for Indremisjonsforbundet sender sine gratulasjoner på Israels nasjonaldag, som i år også markerer 70-årsdagen for gjenopprettelsen av staten Israel.

Kristne friskoler har ubevisst bidratt til redusert kristendomskunnskap, mener professor Njål Skrunes ved NLA Høgskolen Bergen.

Open Air Campaigners savner at flere går sammen med dem om gateevangelisering.

Dugnadsinnsats tilsvarende tre og et halvt årsverk ligger bak helgens innvielse av nye Frikstad bedehus.

Copyright © Sambåndet 2018