Samtale om Den Heilage Ande

Av Øystein Lid Den andre dagen av Pitstop, laur-dag 20. september, var avsett til ei rekkje spanande seminar i forsamlingslokalet Betlehem i Bergen. Seminaret ved Torstein Fosse (27) utvikla seg til ein open og ærleg samtale om Den Heilage Ande og åndelege erfaringar. Falla på ryggen – Eg vil vita kva de tenkjer om Den […]

Av Øystein Lid

Den andre dagen av Pitstop, laur-dag 20. september, var avsett til ei rekkje spanande seminar i forsamlingslokalet Betlehem i Bergen. Seminaret ved Torstein Fosse (27) utvikla seg til ein open og ærleg samtale om Den Heilage Ande og åndelege erfaringar.

Falla på ryggen
– Eg vil vita kva de tenkjer om Den Heilage Ande, seier bibellærar Torstein Fosse innleiingsvis. – Kva veit de, og kva vil de vita? Ei jente på 18 år rekkjer opp handa og seier at ho gjerne vil vita kva som er rett. – For eksempel det å falla på ryggen under krafta til Den Heilage Ande. Nokon seier det er feil fokus? Seminarhaldaren seier at han vil prøva å koma inn på temaet i løpet av foredraget. Men fyrst ber han ei bøn til Gud om at Han må gjera det han vil blant dei. Anders Sætre (21) rekkjer handa i veret og spør om det ikkje er slik at det finst kristne som har eit for sterkt fokus på Den Heilage Ande. For eksempel er det enkelte som tilber Anden? Anden skal vel alltid peika på Jesus? – Sidan Den Heilage Ande er Gud, kan me tilbe han, meiner Fosse. – Og me skal gjera det. Det står i ei av truvedkjenningane som me har; den nikenske, som vart skriven på 300-talet. Samtidig er det heilt rett at Anden skal peika på Jesus.

Dåpssyn
Linn Kristin Løvfall (18) tek ordet og spør kva åndsdåp er for noko, er det noko anna enn den vanlege dåpen? – Truande dåp, dåpen i Den Heilage Ande, vaksendåp og barnedåp. Gud gjer kanskje ikkje så stor skilnad på det? Pinsevenene er vel like kristne som oss; eg syns det er dumt at det skal skapa splid mellom oss, seier ho.Fosse er tydeleg på at omgrepet åndsdåp er bibelsk.– Det står i Bibelen at «de skal døypast med Den Heilage Ande». Men spørsmålet er; kva tyder det? – Er det ikkje slik at åndsdåpen ligg i dåpen, vil Anders Sætre vita.– Jau. Me trur at me blir født av og døypt med Anden i dåpen, og så vert me fylt av Anden på nytt og på nytt seinare, svarar Fosse. – Pinsevenene lærer ikkje så veldig mykje annleis, men har ei sterkare vektlegging på ei enkelt-oppleving. Å verta døypt med Den Heilage Ande er for dei ei «oppleving nummer to» som ikkje nødvendigvis fell saman med vassdåpen. Det som kan vera problematisk er viss kristne vert delt inn i eit «a-lag» og eit «b-lag» på bak-grunn av dette.

 

PITSTOP-DELTAKERE: Bernt Olav Rimmereid (23), Linn Kristin Løvfall (18), Torstein Fosse (27), Anders Sætre (21) og Christoffer B. Tomren (20) var aktive deltakarar på Pitstop. FOTO:ØYSTEIN LID

Nådegåver
Samtalen går over på nådegåvene. Kva er dei? Korleis kan me få dei? Er det nokon som har erfaringar med dei? Det viser seg at fleire av dei som er til stades har fått gåva til å tala i tunger. – Eg har tungetale, fortel Linn Kristin. Før eg fekk det bad eg Gud gi meg tungetale viss det var Hans vilje. Eg bad veldig om at orda som kom måtte vera frå Han, ikkje meg sjølv. Eg var veldig redd for det. Så ein kveld kom orda. Eg prøvde fyrst forsiktig, så kom det. Det var ikkje kjensler, men plutseleg sa eg ord som eg ikkje kunne. Etterpå tenkte eg at det berre var ord eg hadde funne på. Men så har andre stadfesta at når eg har bedt i tunger, har det skjedd andre ting i samband med det, deler Linn Kristin. Torstein Fosse høyrer også til dei tungetalande. Han fortel om ei liknande oppleving med privat utprøving av gåva. – Eg og bad til Gud at viss det var slik at han ville gi meg den gåva, måtte han berre gjera det. Eg tok til å snakka, og syntest fyrst det høyrdes veldig dumt ut. Lenge gjorde eg det i skjul, og

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.