Bibelsk Pitstop i Ålesund

Av Øystein Lid GODT BESØKT: Det best besøkte møtet på Pitstop i Ålesund var kveldsmøtet på laurdag, der rundt 200 tenåringar møtte fram. Øystein Eklund forkynte om heilhjarta etterfølgjing av Kristus. Her frå lovsongen. FOTO: ØYSTEIN LID NyfrelsteDet var fleire nyfrelste som deltok på Pitstop i Ålesund, etter vekkjinga som har vore i distriktet tidlegare […]

Av Øystein Lid

 
GODT BESØKT: Det best besøkte møtet på Pitstop i Ålesund var kveldsmøtet på laurdag, der rundt 200 tenåringar møtte fram. Øystein Eklund forkynte om heilhjarta etterfølgjing av Kristus. Her frå lovsongen. FOTO: ØYSTEIN LID

Nyfrelste
Det var fleire nyfrelste som deltok på Pitstop i Ålesund, etter vekkjinga som har vore i distriktet tidlegare i år. Kanskje det var noko av grunnen til at tenåringane ikkje kjende til svara på spørsmål som «kva fekk Israelsfolket å eta i ørkenen». Eller kanskje det var for lett? Karin Holt, som reiser rundt i heile landet og fortel om bibelleseplanane «Siesta» og «Logos», meiner på si side å sjå ein trend av mindre bibelkunnskap på landsbasis.
– Når eg reiser rundt så ser eg kor lite ungdommane faktisk kan, etter at Bibelen har fått mindre plass i skulen. No er arbeidet vårt vorte viktigare enn nokon gong, seier ho til Sambåndet.

Berørt
– Når eg jobbar med ein skriftstad i Bibelen, vert eg veldig berørt sjølv. Me har dei same kjenslene som dei Bibelske figurane hadde. Me vert avvist, skuffa, stolte eller får lyst til å kvela nokon – alt dette har skjedd før. Gjennom Bibelen lærer me korleis Gud hjelpte menneska å løysa problema sine, sa Holt til tenåringane.

Bibelkjærleik
Kvart Pitstop har sitt lokale særpreg. Noko av det som særleg kjenneteiknar kristne i Ålesund-distriktet er ein sterk kjærleik til Bibelen, og det speglar seg kanskje i Pitstop-arrangementet også. Erik Furnes, som bur i distriktet, lærte tenåringane å formidla Bibelen til andre i sitt seminar om å halda andakt.
– Skriftlesing har den eigenskapen at det når hjarta til folk, sa Furnes. Han delte frå si lange erfaring som andaktshaldar. Eit av råda han kunne gi var å vera ærleg.
– Ein må ikkje lata som ein er meir åndeleg enn det ein er. Men ein må heller ikkje lata som ein er mindre åndeleg, sa Furnes. Det kanskje viktigaste rådet var likevel å «få ro over» kva Bibelvers og bodskap Gud vil ha formidla inn i dei konkrete situasjonane ein møter som andaktshaldar.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.