Sambåndet

Fredag 22. september 2017
RSS

Rådsmøtet gjekk inn for «Den tredje vegen»

 STOR SEMJE: Det var ingen i rådsmøtet som protesterte på at ImF bør gå i retning av trussamfunn.(FOTO: EGILL J. DANIELSEN) Av Øystein Lid «Den tredje vegen» vert ho kalla, løysinga på det kyrkjerettslege spørsmålet som ImF går inn for. Ho går ut på at enkeltpersonar, men også forsamlingar får høve til å knyta seg […]

Av admin. Publisert 23. november 2008.
  
STOR SEMJE: Det var ingen i rådsmøtet som protesterte på at ImF bør gå i retning av trussamfunn.
(FOTO: EGILL J. DANIELSEN)

Av Øystein Lid

«Den tredje vegen» vert ho kalla, løysinga på det kyrkjerettslege spørsmålet som ImF går inn for. Ho går ut på at enkeltpersonar, men også forsamlingar får høve til å knyta seg kyrkjerettsleg til ImF via eit landsdekkjande register. Rådsmøtet som vert halde på Bildøy siste helga, gjekk einstemmig inn for løysinga.

Med bakgrunn i at ImF sitt årsmøte i 2001 opna lovene for at trussamfunn kan verte medlemmer i organisasjonen, meiner generalsekretær Karl Johan Hallaråker at rådsmøtet sitt vedtak i praksis er den endelege godkjenninga.

– Vi treng ikkje vente til generalforsamlinga til sommaren. Men det er klart at dette er eit stort prosjekt som vil krevje tid å gjennomføre, seier Hallaråker. 

Bakgrunnen
Etter at Den norske kyrkja i 2007 tok nok eit steg i retning av å gjera vranglære til doktrine, har ImF registrert at fleire av deira medlemmer har meldt seg ut or kyrkja i protest. Ein del av desse har uttrykt ynskje om å ha ei kyrkjeleg tilknyting til ImF. Fleire Imf-bedehus og forsamlingar har dessutan opplevd ei auke i førespurnader om tradisjonelt kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon og vigsel utført på bedehuset. Det er desse rådsmøtet si tilråding no kjem i møte.

Lite usemje
Det rådsmøtet formelt gav si tilslutning til vart uttrykt i fire punkt.
a. Imf ønskjer å utverka at dei misjonsvener som ønskjer det, kan få kyrkjerettsleg tilknyting til organisasjon på dertil eigna måte.
b. Imf vil signalisera at alle som ønskjer det skal møta tilbod om kyrkjelege handlingar og nådemiddelforvalting kvar dei enn bur i landet, og uavhengig av om dei bur nær ei ImF-forsamling/ foreining.
c. Dette tilbodet gjeld dåp, nattverd, konfirmasjon, forbønn for vigde (eventuelt vigsel) og gravferd.
d. ImF har formelt alt på plass i Håndbok for bedehuset, men er open for å revidera dette for å få til løysingar med andre (som til dømes NLM).

Det var lite usemje å spora blant dei med stemmerett på rådsmøtet angåande desse fire punkta, men det vart sagt at ein hadde resten av alfabetet på seg til å ordna opp i det som i framhaldet treng å vedtakast.  

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Det er forskjell på hvordan Gud kommuniserer «i fordums tid» og i «disse siste dager».

Sloveneren Primoz Roglic klatret i går inn til tempo-sølv i sykkel-VM. Oppladningen hadde han på ImF Midthordland sitt leirsted, Fjell-ly.

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik og forfatter og forkynner Asle Hetlebakke er blant gjestene når Molde folkehøgskole denne uken skal feire 100-årsjubileum.

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Copyright © Sambåndet 2017