Fyrste Pitstop i Lyngdal

  Av Øystein Lid – Me har fått gode tilbakemeldingar; til dels veldig gode. Folk hadde det bra, seier Henning Sagevik, lærar ved Lyngdal KVS og medlem i programkomitéen for Pitstop Lyngdal. Sidan det var fyrste gong Pitstop vart arrangert her, har det vorte mykje planlegging i førekant. Men med god hjelp frå lokale kyrkjer […]

 

 

Av Øystein Lid

– Me har fått gode tilbakemeldingar; til dels veldig gode. Folk hadde det bra, seier Henning Sagevik, lærar ved Lyngdal KVS og medlem i programkomitéen for Pitstop Lyngdal. Sidan det var fyrste gong Pitstop vart arrangert her, har det vorte mykje planlegging i førekant. Men med god hjelp frå lokale kyrkjer og privatpersonar, gjekk helga veldig godt.

50 forbedarar
– Me hadde også mange av våre elevar frå Lyngdal KVS som hjelpte til. Det var bra for elevane. Dette var noko dei har sett fram til. Før helga møtte det opp heile 50 elevar for å be for arrangementet. Det var inspirerande å sjå, syns læraren.

Kveldsmøta var dei best besøkte, og laurdagsmøtet spesielt. Meir enn 300 tenåringar dukka opp for å høyra kora KVS-Pikekor og Felleskoret, samt forkynnar Henning Persson. Han talte både på fredag, laurdag og sundag.

Sterk forkynning

– Forkynninga hans var veldig sterk og bra. Den raude tråden kvar kveld var Salme 73. Ut frå salmen snakka han om å kvila på Jesu fang, å vera under Guds leiing og at me har himmelen i vente. Heile tida må me gå tilbake til det Jesus har gjort for oss, gjengir Sagevik. 

Lokalavisa var også på plass med journalist og fotograf, og lagde ein heilsides reportasje frå Pitstop i avisa.

saken fortsetter under bildet
pitstop lyngdal...
LOVSONG: KVS-Pikekor song for 350 tenåringar på Pitstop Lyngdal.
FOTO: ODD LUNDE

Til bibelseminara hadde dei fått ressursar frå Misjonskirken og Frikirken, slik at kvaliteten var gjennomgåande høg også her. Sjølv om det var godt oppmøte også på bibelseminara på dagtid med rundt 100 deltakar, vonar Sagevik at dei til neste år kan prøva å styrkja den biten litt talmessig. På laurdagen hadde dei også ein aktivitetsbolk, som gjorde at Pitstop Lyngdal fekk sitt eige særpreg.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.