Sambåndet

Onsdag 26. april 2017
RSS

ImF-UNG står i fare for å mista statsstønaden

   KAMPKLAR: – Dette er eit frekt overtramp frå Fordelingsutvalet si side som me skal sloss mot, seier Kenneth Foss, dagleg leiar i ImF-UNG.(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV) Av Øystein Lid Det er Barne- og likestillingsdepartementet sitt Fordelingsutvalg som har vedteke at FAbU ikkje kvalifiserer til statsstønad. Bakgrunnen er at FAbU ikkje tilset folk som lever i strid med organisasjonen […]

Av admin. Publisert 15. desember 2008.

 

kenneth-foss... 
KAMPKLAR: – Dette er eit frekt overtramp frå Fordelingsutvalet si side som me skal sloss mot, seier Kenneth Foss, dagleg leiar i ImF-UNG.
(FOTO:SAMBÅNDET/ARKIV)

Av Øystein Lid

Det er Barne- og likestillingsdepartementet sitt Fordelingsutvalg som har vedteke at FAbU ikkje kvalifiserer til statsstønad. Bakgrunnen er at FAbU ikkje tilset folk som lever i strid med organisasjonen sitt verdigrunnlag, nemleg homofilt samlevande.

Stygt åtak.
– Eg vart veldig overraska då eg høyrte om dette, seier Kenneth Foss, daglig leiar i ImF-UNG. 
– Det er eit stygt åtak på den religionsfridomen som me hever så høgt her i Noreg. Det å truga med å ta vekk stønaden til folk som tenkjer annleis, er noko som eg forbinder med heilt andre land, seier han. Foss påpeiker også at regjeringa sjølv nyleg har tilsett ein biskop som står for akkurat same syn på homofili-saka som ImF-UNG.

I Vårt Land laurdag viste avisa til 14 kristne organisasjonar som har eit liknande reglement som FAbU. Men spesielt vart ImF-UNG framheva.
– Fordelingsutvalet meiner ImF-UNG sine vedtekter kan vera i strid med dei nemnde paragrafane i føreskrifta, og at ImF-UNG dermed ikkje har tilskotsrett, siterer avisa utvalet.

Lobby-verksemd.
– Me har vore i kontakt med dei andre organisasjonane som står i faresona, og me er opptekne av at FAbU ikkje skal måtta stå åleine. Dette er noko som utfordrar oss alle. Me kjem til å sloss mot dette, seier Foss. Spesielt trekk han fram lobby-verksemd gjennom Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) som eit viktig verkemiddel for å motarbeida utspelet frå regjeringa.
– Dette er eit regelverk som er vedteke av regjeringa. Difor må me lyfta dette opp på eit politisk nivå.

Liv og lære.
– Men kva skjer om de misser statsstønaden?
– Då får me ein del økonomiske utfordringar. Men me vil heller det enn å gå på kompromiss med det me trur på. 
– Så det kjem ikkje på tale å endra vedtektene?
– Nei. Det er heilt uaktuelt. Dette handlar om verdiar som vår organisasjonar står for. Det vert heilt feil viss det ikkje skal vera samklang mellom liv og lære.

Ord og handling.
– Men går det ikkje an å endra vedtektene slik at dei oppfyller lovens bokstav, og samstundes bevara sine eigne «husreglar» og praksis?
– Det ville vera umogeleg, og det ville ikkje opplevast godt heller. Det ville vore hyklersk, og ikkje bra for oss som kristen samanhang. Me ynskjer å vera truverdige og seriøse. Viss me på den eine sida skal seia at me trur homofilt samliv er gale, og så velgja folk som lever i mot dette, ville handlingane våre slå ihjel orda våre, seier ein kampklar Kenneth Foss.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arrangørene ønsker at Håpets festival skal bidra til en stor vekkelse i Norge slik at mange kan bli frelst.

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Copyright © Sambåndet 2017