Sambåndet

Tirsdag 14. august 2018
RSS

– Sjølv Wisløffs førelesingar var god underhaldning!

 MINNA CARL FR. WISLØFF: Anfin Skaaheim (til høgre) saman med Finn og Kari, to av barna til Ingrid og Carl Fr. Wisløff. (FOTO: TORBJØRN GREIPSLAND/KPK) Av Torbjørn Greipsland – Wisløff sine førelesingar på Menighetsfakultetet i kyrkjehistorie var glitrande førelesingar – og god underhaldning.Det sa Anfin Skaaheim på eit seminar på Fjellhaug Skoler nyleg. Det blei halde i samband […]

Av admin. Publisert 12. januar 2009.
  
MINNA CARL FR. WISLØFF: Anfin Skaaheim (til høgre) saman med Finn og Kari, to av barna til Ingrid og Carl Fr. Wisløff. 
(FOTO: TORBJØRN GREIPSLAND/KPK)

Av Torbjørn Greipsland

– Wisløff sine førelesingar på Menighetsfakultetet i kyrkjehistorie var glitrande førelesingar – og god underhaldning.
Det sa Anfin Skaaheim på eit seminar på Fjellhaug Skoler nyleg. Det blei halde i samband med at det er  hundre år sidan Wisløff blei fødd. Skaaheims tema var ”Mennesket Carl Fr. Wisløff”.
Skaaheim var blant dei mange teologistudentar som i studietida hadde Wisløff som førelesar. 
– Eg gjekk på alle førelesingane i kyrkjehistorie sjølv om ikkje alle hadde med pensum å gjere. Og på søndagane drog vi gjerne til den kyrkja der Wisløff  preikte, for vi fekk så mykje att for det. Han sa det så enkelt, det blei oppbyggeleg og lærerikt, sa Skaaheim.

Lunsj med studentane
Skaaheim fortalte at Wisløff ikkje var blant dei professorar på Menighetsfakultetet som heldt seg på kontoret i lunsjpausen, men kom ofte ned i kjellaren i lokala i St. Olavsgate for å ete saman med studentane. 
– Studentane flokka seg rundt han, og han gav oss sine kommentarar, til begeistring for nokre, forarging for andre, alt avhengig av kor ein var plassert i det teologiske bildet. Det blei trivelege og interessante stunder, sa Skaaheim.

Til dagbladredaktøren
Dagbladet var ikkje særlig konsis i deira omtalar av norsk kristenliv og Wisløffs rolle.
Skaaheim fortalte at det blei sagt at avisa hadde eitt bilde merka Wisløff. Det blei brukt anten det galdt professor Carl Fr. Wisløff, pastor og forfattar Fredrik Wisløff eller biskop H. E. Wisløff.
Ein gong Wisløff hadde irritert seg over noko avisa hadde skrive, gjekk han ned i redaksjonen og snakka med redaktøren. Han presenterte seg og spurte om dei hadde bruk for ein sportsjournalist?
– Har du greie på sport? spurte redaktøren.
– Nei, men eg har ikkje inntrykk av at kvalifikasjonar er nokon føresetnad, svara Wisløff.
Men sport likte han. Og han tok helst ikkje telefonen når sportsrevyen blei send, ifølgje Anfin Skaaheim.

Forargast
Wisløff ble meir og meir kritisk til utviklinga innan Den norske kyrkja. Ein gong kom ein student innom, han var bekymra for det same. Dei snakka saman ei stund, og Wisløff konkluderte slik:
”Det er godt å kunne forargast saman!”

Opptatt av éin ting
– Da Wisløff fylte 90 år, blei det markert med ei samling der fleire kom med helsingar. Sjølv takka eg han særleg for eit intervju han hadde gitt Vårt Land. Mot slutten av intervjuet fekk Wisløff spørsmål om forholdet til Menighetsfakultetet. Journalisten vona nok på nokre kritiske kommentarar, men Wisløff svara følgjande:
– Eg er opptatt av éin ting, at de lærer studentane å bli glad i Jesus!
Skaaheim avslutta med å seie at nett det var det viktigaste for Wisløff. Og ein viktig lekk i hans kristne engasjement var at han tok initiativet til å etablere eit nettverk av evangeliske studentar verda over, nemleg International Fellowship of Evangelical Students, der Wisløff var president i mange år.
– I dag har denne rørsla arbeid i 150 land og ein halv million studentar er engasjerte i  arbeidet, sa Anfin Skaaheim. KPK.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Forkynneren John Piper skrev to nye vers til den kjente sangen «Stor er din trofasthet» for å være komfortabel med at den skulle synges etter hans tale.

Kristne foreninger mottar hvert år 1,7 millioner kroner fra Grasrotandelen til Norsk Tipping. Hadde pengene vært gitt direkte i kollekten, ville summen vært 35 millioner kroner.

Israels ambassadør i Norge, Raphael Schutz, mener Dagbladet har brakt til torgs en antisemittisk karikaturtegning.

Er du interessert i Bibelens historie i blant annet Norge, er Nordisk bibelmuseum i Oslo stedet å oppsøke.

Odd Dubland samanliknar livsgjerninga til Hans Nielsen Hauge i Norge med ord Paulus brukte om Israels kong David.

Copyright © Sambåndet 2018