Rekord-søking til Bildøy

Av Øystein Lid Med 88 talde søknader til skuleåret 09/10 kan ikkje staben på bibelskulen hugsa høgare søkartal så tidleg på året. Rundt 90 elevar er det skulen har plass til. – Sidan det erfaringsmessig er ein del som ikkje takkar ja til plass, er det enno rom for søkarar, men dei som har tenkt […]

Av Øystein Lid

Med 88 talde søknader til skuleåret 09/10 kan ikkje staben på bibelskulen hugsa høgare søkartal så tidleg på året. Rundt 90 elevar er det skulen har plass til. – Sidan det erfaringsmessig er ein del som ikkje takkar ja til plass, er det enno rom for søkarar, men dei som har tenkt å gå på Bildøy bør søka no, er oppfordringa frå bibelskulelærar Amund Langøy.

Mysterium
Årsakane til søknadsauken er eit mysterium. Ein mogeleg årsak er eit langsiktig og systematisk arbeid med kvaliteten på undervisninga og skulemiljøet. – Det me ser på søknadane er at mange begrunnar søknaden med at dei har høyrt så mykje bra om bibelskulen, fortel rektor Arnfinn Norheim, og legg til at marknadsføringa i år har vore dreidd mot meir målretta arenaer.

 

Der folk er
Flunkande nye nettsider, facebook-annonsering, ny brosjyre og annonser er også ein del av biletet. Her har Langøy, som også er webansvarleg, spelt ei viktig rolle. – Me må vera der søkarane er, og dei er på nettet. Facebook er ein kanal der det er lett for oss å halda dialogen med dei som har søkt, forklarer Langøy.

– Kva trur du dei aukte søknadstala skuldast?
– Bønesvar? undrast Langøy. – Eg kan ikkje sjå inn i noko spåkule, men eg trur det kan vera ein reaksjon på den generelle avkristninga. Mange ser behovet for å vera tydlegare forankra. Dessutan er presset på elevane på dei vidaregåande så høgt, at fleire ser verdien av eit «friår» som har eit anna fokus.

Film- og tv-linje
Samtidig er det fornying på gang av det faglege. Linja som tidlegare heitte «Tjeneste» er no endra til «Disippel», og er vorten blant dei mest søkte linjene. Søknadsboom opplever også den flunkande nye Film- og tv-linja, som har søknadstal tilsvarande det som er vanleg like før skulestart.

– Me har veldig mange spanande ting på gang på Bildøy. Det er ein god attest til skulen at halvparten av ettåringane valde å gå eitt år til, seier Langøy. Etter intervjuet ringjer Amund Langøy opp att. I løpet av intervjuet har to nye søknader tikka inn, og det offisielle talet på søkarar er dermed 90.

Bildøy bibelskoles nettside finner du her:  www.bildoybibelskole.no

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.