Frikanalen dominert av kristne

 EI OPE DØR: – Me trur at dette var ei dør som vart opna for oss, seier John Hardang om TV-satsinga P7 Kristen Riksradio no gjer på Frikanalen.(FOTO: ØYSTEIN LID) Av Øystein Lid Då Frikanalen, som Europas første tv-kanal for frivillige organisasjonar, vart starta i januar i fjor, var det få organisasjonar som hadde innhald klart […]

  
EI OPE DØR: – Me trur at dette var ei dør som vart opna for oss, seier John Hardang om TV-satsinga P7 Kristen Riksradio no gjer på Frikanalen.
(FOTO: ØYSTEIN LID)

Av Øystein Lid

Då Frikanalen, som Europas første tv-kanal for frivillige organisasjonar, vart starta i januar i fjor, var det få organisasjonar som hadde innhald klart til sending. Resultatet vart at Frikanalen til å byrja med berre greidde å fylla halve sendetida. Døra stod dermed på vidt gap for kristne organisasjonar til å fylla tomrommet med bodskapen om Jesus.
– De religiøse organisasjonene står derimot i kø for å sende egenproduserte programmer, skreiv Bergens Tidende i ein artikkel datert like etter opninga av kanalen. Også i dag er kristne organisasjonar i klart fleirtal av medlemsorganisasjonar i Frikanalen.

P7 og ImF
No har også P7 Kristen Riksradio kasta seg inn på arenaen, og dermed kan indremisjonsrørsla også få bidra med stoff. Dagleg leiar Finn H. Andreassen fortel til Sambåndet at P7 har fått konsesjon på å senda gudstenester frå 11 – 12 kvar sundag. Frikanalen kan potensielt nå 830.000 sjåarar, eit tal som er venta å veksa etter kvart som kabel-TV-leverandørar kjem med. John Hardang i P7 seier at Frikanalen har gjort unntak frå sine prinsipp for å koma dei i møte på fleire punkt.
– Eg argumenterte med at sundagane framleis er ein annleis-dag i Noreg, og dermed gjekk Frikanalen med på å utvida sitt normale sendeskjema til å passa lengda på våre sendingar. Eg trur det vil gjera Frikanalen berre betre at den tradisjonelle sundagsgudstenesta kjem inn i programmet.

Innhald
– Men er ikkje P7 ein radio-kanal, John Hardang?
– Det står i statuttane våre at me kan nytta både radio og tilsvarande medium som kan bringa bodskapen ut, svarer Hardang. Han har ikkje tenkt å halda seg berre til gudstenester, men er i gang med å byggja seg eit nettverk av kristne innhaldsleverandørar; deriblant ImF.
– Viss folk har videoopptak frå bibeltimar, Israelsmøte, «Singing in the City» eller andre arrangement så må dei koma til P7 med det, så skal me bearbeida stoffet inn i vårt konsept og levera det til Frikanalen på riktig måte og til rett tid.
 
Han oppfordrar også arrangørar av ulike ImF-arrangement til å tenkja etter om møte og tilstellingar burde ha vore teipa på film, slik at fleire kan få del i det.
– Viss ImF har videoopptak frå sommarstemne eller generalforsamlingar er me interessert i å få fatt på det.

Ei ope dør
– Vil denne nye satsinga på TV bety at radioen vert nedtona?
– Nei, det vert inga svekking av radio-arbeidet, me satsar for fullt på radio også, men dette vert eit steg vidare. Akkurat no klaffa det veldig godt økonomisk for oss. Me trur at dette var ei dør som vart opna for oss, seier radio- og tv-mannen John Hardang.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.