Sambåndet

Mandag 29. mai 2017
RSS

«Så flere får leve»

 STORT ALDERSSPENN: Charles Bjerkan (74) frå Modalen gler seg over Lars Ole Birkeland (17 frå Osterøy og alle dei andre unge som deltek på leiarskulen som samla 180 «studentar» fyrste kveld. (FOTO:ASLE HETLEBAKKE) Av Asle Hetlebakke – Me trudde kanskje me skulle klara å samla 100 personar til leiarskulen, men oppslutninga no er over all […]

Av admin. Publisert 5. mars 2009.
  
STORT ALDERSSPENN: Charles Bjerkan (74) frå Modalen gler seg over Lars Ole Birkeland (17 frå Osterøy og alle dei andre unge som deltek på leiarskulen som samla 180 «studentar» fyrste kveld.
(FOTO:ASLE HETLEBAKKE)

Av Asle Hetlebakke

– Me trudde kanskje me skulle klara å samla 100 personar til leiarskulen, men oppslutninga no er over all forventning, seier Glenn Nord-Varhaug, krinsleiar i Nordhordland Indremisjon. Rundt han, i den store festsalen på Nordhordland Folkehøgskule, er 180 leiarskulestudentar ivrig opptekne med gruppesamtalar. Desse representerer mange av bedehusa innan krinsen, og her finn ein både 15-åringar og folk godt over 70.

– Det er klart at det er ei utfordring å undervisa slik at alle kan få noko. Men eg trur det er mogleg, og eg trur og mange positive prosessar kan setjast i gong når unge og vaksne møtest og snakkar med kvarandre, meiner krinsleiaren.

Fødd på leiarsamlingar
I ein del år har Nordhordland Indremisjon arrangert lokale leiarsamlingar rundt i den store krinsen.
– Og me kan vel seia at her vart tanken om leiarskulen fødd, fortel Nord-Varhaug.
– Mange fortel om ein vanskeleg leiarsituasjon lokalt, både i barne-, ungdoms- og forsamlingsarbeidet. Dette er noko av krinsen sitt svar på denne utfordringa, og eg vonar det vil bety noko for bedehusa i form av motivasjon og inspirasjon både for nye og erfarne leiarar.

Leiarskulen skal gå over to år, der ein har to samlingar i semesteret. Undervisningskveldane varer i tre og ein halv time, og inneheld kveldsmat, bøn og song, to undervisningstimar og gruppesamtale. Nokre av kveldane er alle samla, andre gongar skal barne- og ungdomsleiarane ha eigne tema. Mottoet for skulen er ”Så flere får leve.”

Saka held fram under biletet
 

Vert aldri utlært
– Eg kjem hit for å henta inspirasjon, fortel Charles Bjerkan frå Modalen. Med sine 74 år er han ein av dei eldste på leiarskulen.
– Eg har vore leiar og hatt mange verv og stillingar i misjonen gjennom mange år, og burde kanskje vore utlærd, men det trur eg aldri me kan verta, meiner han. – Dessutan er det utruleg inspirerande å koma hit og sjå så mange unge. Nær halvparten av deltakarane er jo under 30 år. Noko av målet for ein leiar må jo vera å føra stafettpinnen vidare til nye generasjonar, seier Bjerkan.

Meir målretta
Lars Ole Birkeland (17) frå Osterøy er nestleiar i ungdomsforeininga på øya, Unge Kristne.
– Eg har tru på at leiarskulen skal kunne gjera meg meir målretta som leiar, og denne første kvelden har verkeleg gjeve meirsmak. Målet mitt som leiar er jo at nye skal koma inn i Guds rike, og at me skal ha eit flott miljø for dei som går i foreininga vår, seier han. Lars Ole kan og fortelja om positive ting mellom generasjonane på Osterøy.
– Me har i det siste fått eit flott samarbeid mellom Unge Kristne og ”vaksenforeininga”, og eg trur dette kan utviklast vidare, meiner han.

Lars Ole Birkeland har ikkje så lett for å sjå to år fram, når skulen er ferdig.
– Men eg vonar eg då kan seia at eg har vakse og endra meg som leiar, og då i positiv forstand, seier leiarskulestudenten frå Osterøy.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

– Dette er oppsiktsvekkjande og noko vi må forske meir på, seier forskar.

Det er flere reiseskildringer i Bibelen, og noen går faktisk over flere kapitler. Fascinerende lesning som gir oss et visst innblikk i hverdagen til Guds folk.

Etter å ha samarbeidet om felles søndagsmøter i cirka ti år går ImF og NLM på Vestnes et skritt lenger og danner en felles forsamling.

Han overtar lederstolen etter Arild Ove Halås som gir seg sommeren 2018.

Over ein periode på 20 år har har Magda Sæviks stiftelse fordelt over 13 millionar kroner på ulike lag og organisasjonar innom- og utanlands.

Copyright © Sambåndet 2017