Sambåndet

Fredag 22. september 2017
RSS

Ikkje kast pengar

 BIBELSTUDIER: Ei bibelgruppe på Nesttun får statsstøtte for å studera Bibelen, og gir pengane vidare til misjonen. Les meir om dei i papirutgåva.(FOTO: ØYSTEIN LID) Øystein Lid I 2008 fekk ImF 50.555 kroner i stønad frå Norsk Kristeleg Studieråd (NKrS). Ein nedgang frå året før. Kristen Idrettskontakt (KRIK) derimot, fekk ti gonger så mykje. Dette […]

Av admin. Publisert 29. april 2009.
  
BIBELSTUDIER: Ei bibelgruppe på Nesttun får statsstøtte for å studera Bibelen, og gir pengane vidare til misjonen. Les meir om dei i papirutgåva.
(FOTO: ØYSTEIN LID)

Øystein Lid

I 2008 fekk ImF 50.555 kroner i stønad frå Norsk Kristeleg Studieråd (NKrS). Ein nedgang frå året før. Kristen Idrettskontakt (KRIK) derimot, fekk ti gonger så mykje. Dette skuldast at fotfolket i ImF ikkje er flinke nok til å søka om stønad til dei mange ulike arrangementa dei har.
– Viss krinsane og foreiningane hadde vore flinkare å søkja om støtte frå Norsk Kristeleg Studieråd kunne me også vore oppe på 200.000, 300.000, 400.000, seier Skutlaberg.
– Og dette er då pengar som ImF tek på si eiga kappe i dag?
– Ja, eller så betalar krinsane for det sjølv.

Til kven og kva?
Etter at Sambåndet har lodda stemninga blant ulike leiarar i ImF, er det fleire som seier at det er litt utydeleg kva NKrS faktisk gir stønad til. Jostein Skutleberg listar opp eksempel på kva utgifter ein kan få refundert. Viss ein driv konfirmasjonsarbeid, alfakurs, bibelgrupper, leirarbeid, song- og musikk-arbeid kan ein få stønad til både materiell, lokalleige, reiseutgifter, filmleige og honorar til føredragshaldarar, til dømes. På trass av ein kan få stønad til alt dette, går søknadstala ned over heile linja. Sidan 1980 har talet på NKrS-støtta tiltak vorte halvert.
– Viss alle sluttar å søka om støtte frå Norsk Kristeleg Studieråd, vil tilbodet forsvinna. Det er altså i deira interesse at så mange som mogeleg søkjer.

Umedvitne krinsar
– Har det då vorte lettare å få støtte?
– Ja. Og satsane er høgare enn nokon gong. Men me ser også at det er kome ein del nye organisasjonar til, slik som Krik, som er flinke å søkja. Det viser at det er dei gamle organisasjonane som må halda dette ved like.
– Kva kan gjerast for å få fleire til å søkja?
– Det gjeld å setja fokus på det. Eg vil gå ut med ei lokal oppfordring til å bruka studierådet. For det viktigaste er at dette kjem ned på lokalplanet. At krinsane vert meir medvitne. For dei betyr nokre tusenlappar litt. Og no er det enkelt å søkja om støtte. Det kan til og med gjerast på internett.

Flinke sunnmøringar
På Sunnmøre har dei rykte på seg for å vera flinke med pengar, og det er ikkje noko unntak i dette tilfellet heller. Meir enn ein tredjedel av det Indremisjonsforbundet samla får inn i stønad frå NKrS er det Sunnmøre Indremisjon som står for. I følgje Erik Furnes er det kontorfullmektig Janne Støbakk som er motoren bak.
– Det er greitt å kunna loppa staten for litt pengar, svarar ho muntert på spørsmålet om kva dette skuldast. Sjølv meiner ho hennar eiga rolle i dette er liten, men ho har likevel ein del tips som kan gjera det lettare for folk å senda inn søknad.
– Det er plar gjera er å passa på å senda ut søknadsskjema rett før ulike arrangement skal haldast. Då er det lettare for folk å hugsa på det.
Det gjer også saken lettare at det er Støbakk sjølv som tek seg av å senda inn alle dei utfylte søknadane til NKrS kvar haust, for å få refundert utgiftene. I 2007 fekk dei 26.000 kroner, eit ikkje ubetydeleg beløp for ein einskild krins.
– Det er ikkje alle her hjå oss heller som nyttar dette. Eg trur mange rett og slett ikkje er klar over kva som er å henta her, og difor trur eg det er viktig å ikkje gjera det for vanskeleg.
– Korleis vart du klar over tilbodet frå NKrS?
– Folk har vore flinke her til å søkja tidlegare også, veit eg. Kjell Furnes var flink til det. Og så gjekk eg på ei

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Det er forskjell på hvordan Gud kommuniserer «i fordums tid» og i «disse siste dager».

Sloveneren Primoz Roglic klatret i går inn til tempo-sølv i sykkel-VM. Oppladningen hadde han på ImF Midthordland sitt leirsted, Fjell-ly.

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik og forfatter og forkynner Asle Hetlebakke er blant gjestene når Molde folkehøgskole denne uken skal feire 100-årsjubileum.

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Copyright © Sambåndet 2017