167 søkjarar til Bildøy

 REKORDSØKING: Elevane strøymer til Bildøy Bibelskule. Her representert ved studentar ved Film og TV-linja som allereie er fullteikna. FOTO:BIBELSKULEN BILDØY/ARKIV) Av: Øystein Lid – Me står i ein arbeidssamanhang som har ein bønering rundt oss, og ser Guds signing gjennom desse søknadstala. Difor kjenner me fyrst og fremst audmjuk takksemd over det, seier rektor Arnfinn […]

  
REKORDSØKING: Elevane strøymer til Bildøy Bibelskule. Her representert ved studentar ved Film og TV-linja som allereie er fullteikna. FOTO:BIBELSKULEN BILDØY/ARKIV)

Av: Øystein Lid

– Me står i ein arbeidssamanhang som har ein bønering rundt oss, og ser Guds signing gjennom desse søknadstala. Difor kjenner me fyrst og fremst audmjuk takksemd over det, seier rektor Arnfinn Norheim om dei svimlande søknadstala som fortel om 167 søkande og 93 av desse som har takka ja til plassen, og fleire på venteliste. Ei anna positiv side ved søknadane, er at dei fordeler seg jamt over dei ulike linjene.
– Me har tre klassar med 20 – 25 på kvar linje, og så har me 15 på Film- og tv-linja; det er maks av kva me kan ha der. Og så er det veldig flott at det som før heitte tenestelinja, og no heiter disippellinja er den linja med flest stadfesta plassar. Nemninga disippel er noko som gir gjenklang hos unge i dag.
– Det er den linja der elevane lærer evangelisering?
– Ja, det er ein del av det. Det er den linja som vidarefører det gamle bibelskule-konseptet i ny drakt.

Årsaker
Rektoren har fleire teoriar om kva dei auka søknadstala kan skuldast, særleg i ljos av at også fleire andre bibelskular også har høge søkartal.
– Bibelskulane har generelt eit godt år, så me skal ikkje vera blinde for at den økonomiske situasjonen i landet kan påverka. Det er ein arbeidsmarknad som ikkje er så lett å koma inn på for unge. Tidlegare då me hadde ein stram arbeidsmarknad hadde me også gode tal, påpeiker Norheim. Tidlegare år har det då vore slik at ein del av dei som tenkte seg på bibelskule, har seinare takka nei, då dei fekk tilbod om jobb.
– Me reknar med at det vil skje litt forfall også i sommar, så det er framleis råd å søkja.

Brukbar jobb
Sjølvsagt har også tilsette og tidlegare elevar spelt ei viktig rolle i rekrutteringa til føreståande skuleår.
– Medarbeidarane her har jobba målretta og godt, det må vera lov å seia. Men pr-stunt åleine bergar ikkje ein skule, det må vera det målretta arbeidet som er viktigaste. Mange av søkarane gjort det klart at dei har høyrt mykje positivt om Bildøy. Dei har vener som har gått her, og har sjølve besøkt skulen. Då får me lov å tru at me har gjort eit brukbart arbeid med tanke på å byggja ein god skule, konstaterer Norheim.

Langøys etterfylgjar
Ein av dei som har gjort ein sterk innsats er Amund Langøy, som no sluttar som lærar for KRIK-linja til fordel for ei lærarstilling på NLA Lærarhøgskulen.
– Langøy gjorde ein kjempejobb med å vera kreativ idéskapar til info-arbeidet. Både når det gjaldt bibelskule-brosjyre og fornyinga av web-sidene. Så der held eg ikkje tilbake noko av æra.
– Har de funne nokon som kan erstatta Langøy?
– Magnus Hatløy som har vikariert som Krik-lærar går no inn i den jobben Langøy hadde. Han har nesten identiske kvalifikasjonar som Langøy, både når det gjeld som idrettslærar og IT. I tillegg har me lyst ut vikarstillinga som Hatløy hadde tidlegare.

Slutt på raude tal
Det høge søkartalet betyr også at den økonomiske situasjonen til Bibelskulen med eitt ser ljos ut.
– Dei to siste åra har vore tunge, og me har ikkje kome heilt i balanse. No trur eg at me allereie inneverande år kan koma i balanse, seier Norheim. Dette skuldast fyrst og fremst at dei statlege midlane fylgjer studentane, slik at skulen får meir i offentleg stønad dess fleire elevar.
– Klassane måtte me ha oppe å gå uansett om det er 10 eller 25 studentar, så utgiftene der ville vore relativt

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.