– Salmesjangeren står for fall

 KIRKELIG FORNYELSE: BPå Arbeiderdagene til Kirkelig Fornyelse deltok Trond Kverno (t.v.) med foredrag om kirkelig musikk og spiritualitet. (FOTO:ØYSTEIN LID/SAMBÅNDET) Av: Øystein Lid – For nokre år sidan feira me 100-års jubileet for Elias Blix sin død. I år feirar dei jubileet for hans åndelege død, ved å fjerna halvparten av salmane hans frå salmeboka, […]

  
KIRKELIG FORNYELSE: BPå Arbeiderdagene til Kirkelig Fornyelse deltok Trond Kverno (t.v.) med foredrag om kirkelig musikk og spiritualitet. (FOTO:ØYSTEIN LID/SAMBÅNDET)

Av: Øystein Lid

– For nokre år sidan feira me 100-års jubileet for Elias Blix sin død. I år feirar dei jubileet for hans åndelege død, ved å fjerna halvparten av salmane hans frå salmeboka, sa kyrkjekomponisten Trond Kverno til tilhøyrarane på Kirkelig Fornyelse sine Arbeiderdager i Centrumskirken i Bergen.

I forslaget til ny salmebok, som skal vera ferdigstilt i 2010, har Brorson, Støylen, Grundtvig og Elias Blix i fleire tilfelle måtta vika for moderne lovsongar av typen «Lord I lift your Name on High» og «Alt for Jesu fot jeg legger». På den andre sida har viser som «Nå har vi vaska gølvet» og ein sommarsong frå Emil i Lønneberget vorte foreslått.

Eg-og-du-relasjonen
– Ein del av tekstane i forslaget understrekar problemet Den norske kyrkja har i dag, at ein erstattar «oss saman framfor Guds og Lammets trone» med «eg-du-relasjonen», hevdar Kverno om utviklinga. Han har tidlegare stått sentral i forarbeidet til utgjevinga av Norsk Salmebok 1985, der han sjølv er representert med 23 melodiar. I tillegg er han mannen bak fleire av tonane til den noverande høgmesseliturgien i Den norske kyrkja.

– Eg underviser på Noregs Musikkhøgskule, og der har me no lagt til sides vårt normale pensum, til fordel for høyringsutkastet frå Den norske kyrkja. Mine studentar er nettopp i den aldersgruppa som endringsforslaga er meint å skulla treffa. Om ikkje lenge kjem me til å koma med ei uttaling om dette, sa Kverno, og la til at spesielt nynorsk-menigheiter burde fylgja nøye med på kva som er i ferd med å skje.

Eplemos og Barnebæsj
Etter Kverno sitt føredrag vart det opna for spørsmål frå salen. Residerande kapellan Ketil Nødtvedt i Sælen menighet spurte professoren om han ikkje kunne tenkja seg at det fins folk med annan musikksmak og andre referanserammer enn han sjølv med omsyn til salmebokutkastet. Kverno kvitterte at «til det har eg eit kort svar: ein må vita skilnaden på eplemos og barnebæsj», til ålmenn lått frå salen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.