Sambåndet

Onsdag 20. september 2017
RSS

Prosjekt Ukraina

RYKENDE FERSK: Brosjyre og eigen infofilm om Ukraina-prosjektet er klar til distribusjon. (FOTO:EGILL J. DANIELSEN) Av Vilhelm Viksøy For snart to år sidan peip det inn ein e-post hos pastor Alexander Gross i Den tyske evangeliske lutherske kyrkje i Ukraina (Delku). Avsendar var Karl Johan Hallaråker i ImF og bodskapen var: Me har ein skule […]

Av admin. Publisert 4. juni 2009.
 
RYKENDE FERSK: Brosjyre og eigen infofilm om Ukraina-prosjektet er klar til distribusjon. (FOTO:EGILL J. DANIELSEN)

Av Vilhelm Viksøy

For snart to år sidan peip det inn ein e-post hos pastor Alexander Gross i Den tyske evangeliske lutherske kyrkje i Ukraina (Delku). Avsendar var Karl Johan Hallaråker i ImF og bodskapen var: Me har ein skule som ynskjer eit innsamlingsprosjekt. Er det noko de treng hjelp til?

Bønesvar
E-posten kom berre timar etter at Alexander og hans medarbeidarar i naud til Gud hadde ropa om hjelp. Dei brann for
ungdomsarbeidet, dei hadde planar om ein bibelskule, dei hadde unge leiarar som var villige til å bli forma. Men dei hadde få og ingen midlar til å gjera dette, og kanskje enda verre, dei hadde lita og inga støtte frå si eiga kyrkje.
– Dei opplevde nok denne e-posten som eit konkret bønesvar, seier Edvard Thormodsæter i ImF-UNG. Gjennom vinteren har han arbeidd med å leggja prosjektet til rette gjennom ein eigen informasjonsfilm, for at også andre enn DUS kan bli ein del av det. Målet er at andre skular, og folk flest, skal ta ansvar for dette nye misjonsarbeidet i Ukraina.
– Å hjelpa ei kyrkje i Ukraina til å driva ungdomsarbeid og byggja bibelskule, er god indremisjon, seier Edvard Thormodsæter.

Eigen film
Filmen er produsert av Apagon film og opptaka er gjort i fjor haust under ein ungdomskonferanse i regi av Delku i byen Odessa sør i Ukraina. Den gir eit innblikk i prosjektet og eit møte med fleire av ungdommane i kyrkja. Saman med ein rykande fersk brosjyre, ligg den elleve minuttar lange filmen no klar for distribusjon gjennom ImF-UNG.

No håper Edvard at så mange som mogleg vil ta film og brosjyre i bruk og vera med og byggja morgondagens leiarar i Ukraina.
– Bli med og bygg indremisjon i Ukraina. Det kan bli ein dør-opnar for evangeliet i Ukraina, og ikkje berre i Ukraina, men for heile Aust-Europa. 

  

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Bygda Hellevik i Fjaler kommune har vært uten skole siden 2006. Nå blir det kanskje skole i bygda igjen.

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Monica Pollestad er ny barnearbeider, og Per Åge Berge er ny forkynner i ImF Rogaland.

Hadde den tiltalte etter knivstikkingen på KVS-Bygland vært fire måneder eldre da ugjerningen skjedde, kunne han fått nesten dobbelt så lang straff.

Talar av dei mest kjende forkynnarane i Norge dei siste 50 åra blir no gjort tilgjengelege for alle.

Copyright © Sambåndet 2017