Sambåndet

Lørdag 22. juli 2017
RSS

Siste vals med divisi

  FOR SISTE GONG: BJostein Myklebust (her solist) deltek på GF09 som dirigent for divisi for siste gong. (FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV) Øystein Lid  Følg med på GF LIVE frå Træffhuset i Molde på denne adressa. På Generalforsamlinga i Molde er divisi det sjølvsagte valet for akkompangement til allsongen. Men det er akkurat som om det er […]

Av admin. Publisert 22. juli 2009.
  
FOR SISTE GONG: BJostein Myklebust (her solist) deltek på GF09 som dirigent for divisi for siste gong. (FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV)

Øystein Lid 

Følg med på GF LIVE frå Træffhuset i Molde på denne adressa.

På Generalforsamlinga i Molde er divisi det sjølvsagte valet for akkompangement til allsongen. Men det er akkurat som om det er litt ekstra tyngde i songane i år, sidan det er siste gongen koret får syngja med den mangeårige dirigenten Jostein Myklebust (43).

– Me i koret har ikkje kunna forestilt oss divisi utan Jostein. Men det måtte jo skje før eller sidan. Samstundes unnar me han at han vil bruka tid på andre ting, seier Kirsten Mona Aadland, formann i koret, om dirigentens avgang. Ho legg vekt på å framheva det store arbeidet Myklebust har lagt ned i koret, og kan forsikra om at «me kjem til å høyra meir frå Jostein», kanskje i form av solo- prosjekt.

Ny start.
Jostein Myklebust fortel sjølv at han og familien er i gang med å etablera seg i den nyetablerte statskyrkjemenigheten Vedavågen. – Eg har vorte spurt om å vera sang- og musikk-ansvarleg i menigheten. Dermed ser eg at læretida i divisi er slutt, og vonleg får byggja kyrkjelyden ut frå dei erfaringane eg har gjort som dirigent for divisi. Det er det som har vore den store draumen min. – Har du noko høgdepunkt som du vil trekkja fram frå tida med divisi? – Det er vanskeleg for meg å trekkja fram opplevingar som er sterkare enn andre, for det har vore så mange. Det har alltid vore ein vesentleg del av livet mitt, ein stad der eg har møtt Gud på ein spesiell måte. Stadig opplever eg at setningar me har sunge i koret på ulike måtar har poppa opp seinare i livet, seier Myklebust.

Guds puslespel.
Dirigenten fortel at når koret får skryt brukar han å svara at «det berre er slik det vert når me får vera saman med Gud. Det har ikkje noko med meg å gjera».
– Du gir rett og slett Gud æra?
– Ja, det har veldig lite med meg å gjera. Det er ein del av Guds herlege puslespel. Det syns eg vert leit å mista. For mitt kristenliv har divisi vore ein veldig viktig kanal for Gud. Eg skylder divisi at eg er kristen på den måten eg er i dag, sidan eg har fått stå i ei så tydeleg kristen teneste. Den truskapen og oppdrifta som har vore og er i divisi, vil eg sakna. I divisi finst mange trugne menneske, der eg berre var eitt, seier Myklebust.

Ny dirigent
Som etterfylgjar til Myklebust har koret funne Hallvard Åse, som er ein av landets beste bassistar, og har samtidig jobba ein del saman med kor, blant anna Oslo Gospel Choir. Åse tek over jobben frå 1. august.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

– Vi må enten bygge eller legge ned campingen etter hvert, sier ImF-leder Erik Furnes.

Dimitri Cubrevic var en av mange kristne ungdommer som forlot området i Latvia der KVS-Bygland er engasjert, på jakt etter et bedre liv. Men han valgte å vende tilbake.

Tarald Ueland er en veteran på Lyngdal Bibelcamp, og i år har han og kona Laila ansvar for programposten Kveldsåpent den første uka.

Ivar Stensland (27) skal jobbe med både forsamlingsarbeid og barne- og ungdomsarbeid og prøve å integrere begge deler.

Etter alt å dømme vil det komme krav om at avstanden mellom «spikerteltene» på campingplasser må økes, men det skjer tidligst fra nyttår.

Copyright © Sambåndet 2017