Sambåndet

Onsdag 26. april 2017
RSS

GF09 er i gang

 FØRSTE KYSS: Formann i Arrangementskommitéen for GF09, Arild Ove Halås, fortalde om sitt fyrste kyss i opningatalen. – Eg trur GF09 vert mykje betre enn det, sa han, mellom anna.(FOTO: EGILL J. DANIELSEN) Av Øystein Lid Følg med på GF LIVE frå Træffhuset i Molde på denne adressa. – Hjarteleg velkomen til GF i Molde. Me […]

Av admin. Publisert 23. juli 2009.
  
FØRSTE KYSS:
Formann i Arrangementskommitéen for GF09, Arild Ove Halås, fortalde om sitt fyrste kyss i opningatalen. – Eg trur GF09 vert mykje betre enn det, sa han, mellom anna.
(FOTO: EGILL J. DANIELSEN)

Av Øystein Lid

Følg med på GF LIVE frå Træffhuset i Molde på denne adressa.

– Hjarteleg velkomen til GF i Molde. Me har gledd oss lenge og mykje til å ønska velkommen til krinsen vår, til Molde og til GF09, sa leiaren i arrangementskommitéen Arild Ove Halås som opningsord. Bedehusfolkets nasjonalsong «Namnet Jesus» var den naturlege ramma rundt opninga på Generalforsamlinga som starta i kveld klokka 19. Forsongarar var Indremisjonen sitt eige kor divisi, i Istadhallen i det flunkande nye Træffhuset i Molde.

– Som mitt første kyss
Til latter frå salen drog Halås også parallellar mellom GF-opninga og sitt fyrste kyss.
– Mitt første kyss var kjenneteikna av tre ting. For det første hadde eg aldri gjort det før. Eg var vidare utruleg forventningsfull, og når alt kom til alt livredd. Slik er det i høve til GF også, sjølv om eg nok meir er spent enn redd. Dessutan trur eg dette GF vert meir vellukka enn mitt fyrste kyss.

Til å kasta glans over opninga var også Varaordføraren i Molde, Torill Hovdenakk.
– Takk til alle dykk som bidreg til at Molde får vera vertskap for GF09. Håpar alle skal trivast godt i Molde medan de er her, sa varaordførar, som fekk blomar av formann i forbundsstyret Magne Havaas.

Improvisasjon
Opninga gjekk såleis problemfritt, sjølv om det var mykje som vart ordna dei siste timane før det braka laus. Det var på eit tidspunkt for kaldt i møtesalen, det var 400 stolar som var ubrukelege og måtte sendast i retur, og i det heile mykje som kunne gå gale. Prosjektkonsulent og «leirsjef» Atle Heslebakke har brukt dagen på å svara på alle slags spørsmål, fortel han til Sambåndet.
– Så langt har det ikkje kome noko eg ikkje kan svara på. Og viss det er noko eg ikkje veit, så improviserer eg.

Ein time før sjølve opninga var det rundt 600 påmeldte. Eit høgt tal, med tanke på at mange kjem innom på enkeltmøte utan å vera registrerte. Til saman 750 menneske kom til opningsmøtet, noko som er 70 fleire enn under GF i Stavanger for to år sidan. Omlag kroner 40 000 kom inn i kollekt i følgje tellemannskapet, samt ein dollar.

Følg med på www.sambaandet.no, som vil kontinuerleg verta oppdatert i løpet av dei fire dagane GF varer. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arrangørene ønsker at Håpets festival skal bidra til en stor vekkelse i Norge slik at mange kan bli frelst.

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Copyright © Sambåndet 2017