Ekstrem misjonshelg

    MUSKELSHOW: Team Xtreme Vikings opptrer i Ålesund denne helga. Av Nils-Ove Støbakk Team Xtreme Vikings har tatt turen til Ålesund denne helga. Muskelbuntane med eit klart og tydeleg Jesus-fokus skal ha opplegg både på Blindheim ungdomsskule og Blindheim bedehus fredag. Bedehus og fengselLaurdag klokka 19 er det kveldsshow på bedehuset, søndag føremiddag vert det […]

Team Xtreme Vikings...   
MUSKELSHOW: Team Xtreme Vikings opptrer i Ålesund denne helga.

Av Nils-Ove Støbakk

Team Xtreme Vikings har tatt turen til Ålesund denne helga. Muskelbuntane med eit klart og tydeleg Jesus-fokus skal ha opplegg både på Blindheim ungdomsskule og Blindheim bedehus fredag.

Bedehus og fengsel
Laurdag klokka 19 er det kveldsshow på bedehuset, søndag føremiddag vert det ei ganske så annleis gudsteneste i Ålesund kretsfengsel. Der slepp ikkje kven som helst inn, men laurdagskvelden er det opent for alle og gratis inngang.

– Vi har store forventningar til at det skal skje ting. Det har vore bedt mykje for denne helga, seier Berit Thorsen frå den lokale arrangementskomiteen.

Paragliding og lovsang
I Sogndal er det på Stedje Camping og SIM-huset det skjer i helga. ReCap er ein festival med mellom anna paragliding, klatring, trylling og lovsang på programmet.

 «Å rekapitulere er noko vi alle treng ein gong iblant. På ReCap skal du få starte ein gong til, uansett, kor mangen gonger du vil!» står det mellom anna på nettsidene til festivalen.

For meir informasjon, sjå txvikings.com og recap.no!

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.