Med nåden i sentrum

  NÅDE OVER NÅDE: Temasongen under Pit Stop på Valderøya var henta frå UL-albumet 2009. (FOTO: NILS-OVE STØBAKK) Av Nils-Ove Støbakk På det meste var rundt 400 ungdommar innom bedehuset på Valderøya under Pit Stop 2009. Krydra med mellom anna grilling, gospelnight og gym vart det ei lærerik og givande helg for både deltakarar og arrangørar. […]

  
NÅDE OVER NÅDE: Temasongen under Pit Stop på Valderøya var henta frå UL-albumet 2009. (FOTO: NILS-OVE STØBAKK)

Av Nils-Ove Støbakk

På det meste var rundt 400 ungdommar innom bedehuset på Valderøya under Pit Stop 2009. Krydra med mellom anna grilling, gospelnight og gym vart det ei lærerik og givande helg for både deltakarar og arrangørar.

– Ungdommane som har vore her har fått noko, det er tilbakemeldingane vi får, seier Kenneth Foss, dagleg leiar i ImF-UNG.

Amazing Grace
Bibeltimane på sunnmørs-Pit Stop var det Odd Arild Sævik som tok seg av. 84-modellen frå Karmøy snakka først om nåden som gir liv, for så å følgje opp med nåden som forandrar liv. Som med John Newton, den tidlegare slavehandlaren som tok imot Jesus, forandra livet sitt radikalt og mellom anna laga teksten til «Amazing Grace», kanskje den mest sungne songen nokon gong.

Også Efesarbrevet 2,8 var sentralt i forkynninga: «For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve.»

Samarbeid med NLM
På Sunnmøre har Misjonssambandet vore med som arrangør av Pit Stop dei to siste åra. Anders Egil Straume, leiar for NLM Ung Sunnmøre og Romsdal, er glad for samarbeidet. Sjølv var han med som møteleiar på Valderøya.

– Eg syns det er veldig flott at vi kan stå saman om å samle ungdommane. Vi er såpass like på mange område, så det er flott å kunne vise at organisasjonane kan stå ilag.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.