Klart for ny musikkfest

 JESUS-SONG: The Talley Trio, her ved far og datter, er godt kjent frå fleire norgesbesøk. 12-14. februar deltek dei på Singing in The City i Stavanger. FOTO: EGILL J. DANIELSEN Av Vilhelm Viksøy – Dette vert først og fremst ei helg med veldig mykje flott song og musikk og for meg er det ein av dei […]

  
JESUS-SONG: The Talley Trio, her ved far og datter, er godt kjent frå fleire norgesbesøk. 12-14. februar deltek dei på Singing in The City i Stavanger. FOTO: EGILL J. DANIELSEN

Av Vilhelm Viksøy

– Dette vert først og fremst ei helg med veldig mykje flott song og musikk og for meg er det ein av dei flottaste måtane å formidla evangeliet på, seier Johan Halsne, ei av eldsjelene bak arrangementet. Han håpar og trur dette vert like stor suksess som sist.
– Det viser seg at dette når langt vidare enn til den menige bedehusmann. Folk som ikkje går på bedehuset til vanleg, var innom sist og gav svært gode tilbakemeldingar.

Som førre gong vert også dette arrangementet i IMI Forum i Stavanger, vegg i vegg med Rica-hotellet.
– Dette er gode lokale både for sjølve arrangementet og overnatting, og i tillegg har eg gode dugnadskontaktar her i Rogaland. Difor var det ikkje naturleg å gå for andre stadar heilt ennå, seier Halsne.

Lang liste
Frå namna på programmet vil mange kjenna igjen The Talley Trio som var med både på førre musikkfest og under GF i Stavanger 07. Frå USA kjem også ekteparet Reggy og Ladye Loves Smith. Til vanleg er dei studiomusikarar i Nashville og stemmene er for mange kjende frå musikken i animasjonsfilmen Løvenes konge. Norske artistar som kjem er Sveinung Andersen, Solfrid Brekkå, som deltok i team Hanne under Det store korslaget på TV2, damegruppa Prais Him frå Fitjar, mannskvartetten Vokal fra Sørlandet, og Fjordingane. I tillegg vert ImF-koret divisi med og dei skal og ha ansvar for fellessongen.

Julegåve
Tema for helga er Jesus er kongen min, og sjølve programmet vert som før med konsertar og songsamlingar tett i tett gjennom heile helga. Einaste endring er at storsamlinga søn-dag no vert ein fullverdig konsert, men med ein større bolk forkynning enn på vanlege konsertar.
– Dette vert ei kjempehelg for alle som likar song og musikk og i år har me og lagt betre til rette for familiebillettar, seier Halsne som har oppfordringa klar:
– Singing in the City er ei kjempeflott julegåve til for eksempel foreldre og besteforeldre. Den varer ei heil helg, men gjev meir-smak mykje lengre.

 

NY RUNDE: Singing in the City – sånn var det forrige gong. FOTO: LARS KÅRE SKJØRSTAD

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.