Sambåndet

Fredag 18. august 2017
RSS

Medlemsopptak kan starta

   Av Vilhelm Viksøy 4. november kom brevet frå Fylkesmannen, ImF Trossamfunn er registrert som eige trussamfunn.– Dette betyr at dei som vil, no kan melda seg inn, seier generalsekretær Erik Furnes, som er usikker på kor stor pågangen vil bli.– Men dei som allereie har bestemt seg og har venta på godkjenninga, bør gjera […]

Av admin. Publisert 27. november 2009.
   

Av Vilhelm Viksøy

4. november kom brevet frå Fylkesmannen, ImF Trossamfunn er registrert som eige trussamfunn.
– Dette betyr at dei som vil, no kan melda seg inn, seier generalsekretær Erik Furnes, som er usikker på kor stor pågangen vil bli.
– Men dei som allereie har bestemt seg og har venta på godkjenninga, bør gjera alvor av det før nyttår. Det vil gje oss støtte også for inneverande år, oppmodar generalsekretæren.

Skjema klart
www.imf.no ligg det klart både inn- og utmeldingsskjema for nedlasting. Desse kan også tingast hos ImF-sentralt. I tillegg er det lagt ut informasjon om kva ImF Trussamfunn står for i ulike spørsmål og kva det inneber å bli medlem.

– I denne orienteringa vil det liggja ein del prinsipielle føringar for kva vi som trussamfunn ventar av medlemene våre. Det vil også bli klargjort korleis vi vil forholda oss til vigselsretten i møte med til dømes skilsmisse og gjengifte.
Søknaden om eigen vigselsrett ligg per i dag hos departementet, og svaret derifrå er venta om kort tid.

Bevisstgjering
Førebels er ImF Trussamfunn oppretta med fem forstandarar. Desse er Gunnar Ferstad med virkefelt i Bergen kommune, Glenn Nord-Varhaug og Roald Evensen i Hordaland, Runar Landro i Rogaland og Erik Furnes for heile landet.
– Det er desse som er klar per i dag, men det vil koma fl eire, seier Furnes.

Han er glad for at ting nå fell på plass, men det som likevel gler han mest med prosessen er den styrka bevisstgjeringa av bedehusfellesskapet som fullverdige forsamlingar, uavhengig av medlemsskap eller ikkje.
– Bortsett fra vigselsretten har vi allereie full fridom til å forvalta både dåp, konfi rmasjon, nattverd og gravferd. Eg har opplevd ei styrka bevisstgjering om at desse tinga høyrer heime innanfor misjonsfellesskapet, og ikkje utanfor. Det er positivt, seier Furnes.

Les også: Venter på godkjenning

 
GODKJENT: ImF Trussamfunn er nå klar til å ta opp medlemmer. ILLUSTRASJONSFOTO: SAMBÅNDET/ARKIV

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Gaven fra en anonym lottovinner brukes til å ruste opp Fjell-Ly.

Etter en tids leting har ImF Midthordland nå fått ansatt en ny barne- og ungdomsleder.

Begrepsbruken til et muslimsk trossamfunn har gjort det nødvendig for NLM-forsamlingen i Kristiansand å presisere ståstedet sitt.

Arkeologer tror el-Araj er svaret på hvor Peters hjemby, Betsaida, lå.

Ein tanke om at det finst ein Gud som vart menneske til frelse for verda, vart for stor til at kunnskapsminister Tormod Røe Isaksen kunne tru.

Copyright © Sambåndet 2017