Leksehjelp på Fredheim

 VIL HJELPE: Alle ungdommar i nærmiljøet er velkomne til leksehjelp, ikkje berre ungdom som går i Fredheim Arena. FOTO: SHUTTERSTOCK.COM Av Silje Rognsvåg Fredheim forsamling tilbyr no leksehjelp til ungdomsskuleelevar i sine lokalar i Sandnes. Det er Dagfinn Jensen og Svein Arne Svilosen som står bak initiativet som starta i april. For alleAlle ungdommar i […]

  
VIL HJELPE: Alle ungdommar i nærmiljøet er velkomne til leksehjelp, ikkje berre ungdom som går i Fredheim Arena. FOTO: SHUTTERSTOCK.COM

Av Silje Rognsvåg

Fredheim forsamling tilbyr no leksehjelp til ungdomsskuleelevar i sine lokalar i Sandnes. Det er Dagfinn Jensen og Svein Arne Svilosen som står bak initiativet som starta i april.

For alle
Alle ungdommar i nærmiljøet er velkomne kvar torsdag ettermiddag, og ikkje berre ungdom som går i Fredheim forsamling.
– Du treng ikkje vere kristen for å kome hit, seier Svilosen og understrekar at det ikkje er ein forkynnande arena.
– Vi ønskjer berre å hjelpe dei som har behov.

Prøveprosjekt
Leksehjelpa skal vere eit prøveprosjekt fram til sommaren, og initiativtakarane reknar med å komme skikkelig i gang til hausten dersom det er interesse for tilbodet.

Tilbodet har bare vore tre torsdagar til no, og så langt har ingen elevar dukka opp for å få hjelp.
– Vi har store ambisjonar, men nett no går det tregt. Likevel trur vi det er eit behov for hjelp til leksene. Derfor må vi informere betre om leksehjelpa, forklarar Svein Arne Svilosen.

Mange frivillige
Med seg på laget har Jensen og Svilosen fleire frivillige frå vidaregåande skule. 
– Det har vore veldig lett å få folk til å engasjere seg. No har vi rundt ni frivillige leksehjelparar, seier Svilosen og håpar det kjem ungdommar neste torsdag.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.