Sambåndet

Onsdag 26. april 2017
RSS
Bjarne Kvam, NLA
FELLESSKAP: Rektor Bjarne Kvam ved NLA Høgskolen trur fleire høgskolar vil sjå seg tente med å søkje saman på ulike måtar . Foto: NLA / KPK

Høgskular vurderer fusjon

Dei tre kristne høgskolane NLA Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo og Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand har starta samtalar om eit breitt samarbeid der fusjon kan vere eitt av alternativa.

Av Ole Andreas Husøy, KPK. Publisert 14. januar 2011.

NATURLEG: – NLA Høgskolen og Mediehøgskolen Gimlekollen er naturlege samarbeidspartnarar for oss, sier rektor i Staffeldsgate, Jan Gossner. Foto: Normisjon

Rektor Bjarne Kvam ved NLA Høgskolen seier at initiativet til samarbeidssamtalane vart teke av eigarane av Høgskolen i Staffeldtsgate, Normisjon og Frikyrkja.

– Kvifor er det blitt aktuelt med samarbeid og eventuell fusjon, Kvam?
– Hovudårsaka ligg i kvalitetskrava som er nedfelte i den universitets- og høgskolelova som kom i 2005, og som gjeld både offentlege og private høgskolar. Når små institusjonar skal matche store universitet, så blir det utfordringar både når det gjeld fagleg nivå, økonomi, leiing og administrasjon.

Kvam seier at dette ikkje berre er ei utfordring for private høgskolar. Også innanfor det offentlige høgskolesystemet ser ein de same tendensar til samarbeid mellom institusjonar for å stå sterkare rusta.

– Trur du utviklinga vil tvinge også andre kristne høgskolar til samarbeid?
– Eg trur nok det. Det er ikkje berre det at vi er små i forhold til dagens statlege institusjonar, dei statlege blir og større i tida som kjem, seier Kvam.

Studentkontakt
Han seier at det å vere ein liten høgskole også har sine fordelar, ikkje minst med tanke på eit tett forhold til studentane.
– Denne fordelen må vi ikkje misse på vegen mot å bli større, understrekar han.

Kvam seier at medan eigarane har ført samtalar hittil, er det no institusjonane som tar saka vidare gjennom å lage ei utgreiing som skal danne grunnlag for eigarane av dei tre høgskolane til å ta stilling til om ein skal starte reelle fusjonsforhandlingar. Dette arbeidet er tenkt gjennomført i første kvartal i år. NLA sine eigarar skal etter planen behandle saka 27. april, og eventuelt då gi grønt lys for fusjonsforhandlingar.

– Treng samarbeid
I ei pressemelding seier rektor Lars Dahle ved Mediehøgskolen Gimlekollen (MhG) at MhG kan ha mykje å vinne ved eit samarbeid. – Vi er ein spesialisert høgskole som er dyr i drift. Samtidig har vi planar og visjonar for nye studietilbod, kurs og prosjekt på den nasjonale og internasjonale marknaden. Kvar av høgskolane har sitt unike særpreg som vi ønskjer å ta vare på og styrke gjennom ein slik større høgskole, seier han.

Også rektor Jan Gossner ved Høgskolen i Staffeldtsgate seier at hans institusjon har planar og visjonar som ein ikkje klarer å gjennomføre utan å samarbeide med andre.
– NLA Høgskolen og Mediehøgskolen Gimlekollen er naturlege samarbeidspartnarar med tanke på å bygge eit større og sterkare kristent nærvær i høgare utdanning i Noreg, seier han.

Ein fusjonert høgskole vil få om lag 2000 studentar. NLA Høgskolen i Bergen har i dag 1600 studentar, Høgskolen i Staffeldtsgate og Mediehøgskolen Gimlekollen om lag 200 studentar kvar. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arrangørene ønsker at Håpets festival skal bidra til en stor vekkelse i Norge slik at mange kan bli frelst.

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Copyright © Sambåndet 2017