Sommertid med 55+

Landseldrestemnet har fått ny drakt. Bibel og fellesskap 55+ er namnet på nysatsinga.

– Vi ynskjer å ta vare på det beste frå tidlegare stemne, samtidig som det vert ei fornying. Dette er røter og fornying på sitt beste, seier stemnesjef Karl Johan Hallaråker.

6.- 10. juni er datoen og som vanleg er det Bildøy Bibelskole som er stemnestad.
Bibel og fellesskap seier noko om det vesentlege i programmet. 55+ seier at her er både yngre og eldre pensjonistar velkomne, seier Hallaråker.

– Men ikkje berre pensjonistar, alle i alderen 55+ som kan ta seg fri desse dagane, er varmt velkomne, understrekar han.

God forkynning.
Hovudtalar for årets stemne, som vert det 21. i rekkja, er Henry Skogvoll, mangeårig sokneprest i Johanneskyrkja i Bergen.
– Men mange kjenner han nok og frå tida som ungdomsarbeidar i Bergens Indremisjon, Betlehem, seier Hallaråker som gler seg over at Skogvoll er med på leiar-laget.

– Henry Skogvoll er ein kjær forkynnar og sjelesørgjar som vert med oss under heile samlinga.

Stemnesong.
Ei nyskaping for året er stemnekoret som både skal øva og syngja undervegs på Bibel og fellesskap.
– Alle deltakarane får tilbod om å vera med, seier Hallaråker, som ikkje tar ansvar for koret. Den jobben skal Harald Myklebust ha. Myklebust er godt kjent frå tida som musikklærar i bibelskolen, folkehøgskolerektor og sist musikklektor, NLA høgskolen. Det var også han som var grunnleggjar og fyrste dirigent for ImF-koret divisi.

– Og i tillegg vil Harald ha ansvaret all songen og musikken under heile stemnet, seier Hallaråker.

Erfarne leiarar.
I tillegg til Skogvoll og Myklebust har Hallaråker med seg mykje erfaring frå tidlegare stemne. Annbjørg Barane, Sigmund Byrknes, Audun Myksvoll, Nansy Thormodsæter, Åsrunn Myklebust og Anne Marie Hallaråker er blant leiarane som tar imot gjestene.

– Så då seier eg berre: varmt velkommen til Bildøy. Både til deg som kjem for første gong, og deg som kjem igjen og igjen. Vi gled oss til å møta nettopp deg, seier Karl Johan Hallaråker.

1 svar
  1. Kari says:

    Dette ser veldig bra ut. Vi skal bruka alle høve til å reklamera for dette flotte opplegget. Fint at nokon løftar opp denne delen av arbeidet også.

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar til Kari Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.