– Velkommen til gards

– Me gler oss til å vera vertskap for sommarens GF, seier Roald Kvam.

Rektoren på Bildøy er glad det framleis står mai i kalenderen, for det er mykje å få på plass til eit slikt storstemne.

– Det er mykje å gjera og det er eit mylder og samansurium av komitear i sving, seier Kvam. Sjølv er han ikkje så delaktig på detaljplanet, men han har stor tillit til både skulens folk og frivillige frå by og land kring skulen som er engasjert i GF.

Men han gler seg til GF og til å kunne møte misjonsfolket til god samtale.

– Det blir flott å få ta imot misjonsglade folk. Slikt er djupt meiningsfullt. Me skal prøva å leggja til rette for gode dagar for gode folk, som alle deler det same hjarte- og pulsslaget. Saman skal me gå nokre dagar saman og oppdaga meir frå Bibelen og Bibelens Gud, seier Kvam, som gler seg til å drikka kaffi med gamle vener – og nokre nye.

Også staben på skulen vil væra synleg desse dagane.
– Heile staben har GF-stemnet som sine arbeidsdagar. Dei skal væra her og drøsa saman med misjonsfolket. Ein del av dei er og sterkt involvert i komitear og gjennomføringa.

Fleire av linje-ressursane på skulen vil óg vera synlege på ulikt vis, som Film & TV-linja som har ansvar for både lyd og bilete under GF.

– Så kvifor skal folk ta turen i juli?
– Dette blir viktige dagar. Det er vårt GF. Bergen og Vestlandet kjem til å liggja der i all si sommarprakt og då er dette ein flott stad, skryt Kvam.

– Men noko av det som gjer årets GF spennande er at det er ein samling utan dei store spreng-sakene. Me kan snakka om den store Saken, ikkje berre dei mange sakene på sakslista. Me får ha fokus på det som ligg i ryggmargen vår: at folk skal bli frelst. Det gler eg meg til, seier Kvam.

– Og slapp av, når juli kjem då skal alle detaljane vera på plass. Me gler oss til å ta imot misjonsfolket til Bildøy.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.