Sambåndet

Onsdag 26. april 2017
RSS
Litt av staben på Bildøy Bibelskole. Foto: Vilhelm Viksøy

Arbeiderdrøsen i gong

125 ivrige arbeidarar fra alle lag i ImF samla til årets Arbeidermøte.

Av Vilhelm Viksøy. Publisert 3. januar 2012.

Rektor Roald Kvam. Foto: Vilhelm Viksøy

– Eg vil koma med ei lita helsing frå Johannes 3, sa rektor Roald Kvam då han ynskte følget velkomne til Bildøy. 

– Vi kjenner desse versa godt, særleg vers 16 som står der inneklemt mellom mange andre. Mange synes dette er eit godt vers, og det med rette. Men det er også eit fælt vers for det er klokkeklart på livets to utgangar – evig liv og evig fortaping, sa Roald Kvam om ein bodskap som hadde gått innpå ham og arbeidd i ham den siste tida. 
– Og så blir det ekstra forsterka av vers 36, sa Kvam og siterte: den som trur på Sonen har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vrede er og blir over han.

– Dette er ikkje noko som eingong kjem, men den som ikkje trur på Jesus Kristus som Herre og frelser er alt under dommen. Det er i beste fall høyrisikosport å drive med. Men folkens, vi kan utgjera ein forskjell. Vi kan bidra til å flytte folk frå Guds vrede til Guds tilgivelse. 

– I det kommende året vil eg øya meir på dette også utanfor talarstolen – å løfte opp Jesus høgt og varmt, sa rektor Kvam før han gav huset viser til ImF-sjef Erik Furnes.

– Arbeidermøte har vi ikkje berre for at det er ein lang og flott tradisjon, men i den tru at det skal ha betydning for deg og at vi kan forme og styrke kvarandre. Saman kan vi få noko – og gje noko. Difor er du viktig. Difor betyr det noko at du kom, sa generalsekretær Erik Furnes.

Åpningsmøtet helt fram med presentasjon, song og musikk og tale av formann Sverre Dag Ljønes – før kaffi, quiz og arbeiderdrøs utover natta. 

Blant talarane dette året er Leif Nummela, Margunn S. Dahle, Lars Dahle, Thomas Rake, Øyvind Augland og Sven Aasmundtstvedt. Fleire av desse innlegga vert om ei stund å finne på ImF-UNG sin podcast

Arbeidermøtet vert avslutta med Arbeidarfesten fredag kveld. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arrangørene ønsker at Håpets festival skal bidra til en stor vekkelse i Norge slik at mange kan bli frelst.

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Til høsten starter to kretser i Indremisjonsforbundet med konfirmantundervisning – Indremisjonssamskipnaden og ImF Rogaland.

Frikstad bedehus er i gang med å utvide, mens Molde bedehus planlegger utbygging.

Byråkrater og politikere går nå langt i å mistenkeliggjøre virksomheten til kristne organisasjoner.

Copyright © Sambåndet 2017