Oppmuntrande økonomital

Eit krevjande år ligg an til å enda opp i balanse.

– Ikkje alle tal er heilt eksakte og klare, men foreløpig ser det ut til at 2011 vil gå i balanse. Det er svært gledeleg sidan budsjettet hadde lagt opp til eit underskot på over 600.000 kroner, seier økonomileiar Ingebrigt S. Sørfonn.

Smertefullt
Dermed ser det ut til at dei dramatiske grepa som vart tatt undervegs i 2011 har gitt resultat. Fleire stillingar vart i løpet av året fjerna, ei av dei gjennom oppseiing. Det har gitt dei nødvendige innsparingane, men no er det lite meir å henta.
– Det var smertefulle grep me måtte ta, særleg i forhold til nedbemanning. Det er lite kjekt når dette vert løysinga. Men no er me komne til ei smertegrense og vel så det. Det er ikkje mogleg å kutta ytterlegare ned på stab utan vesentleg reduksjon i tenestetilbodet frå ImF sentralt, seier Sørfonn.

Auka inntekt
I tillegg til effekten frå kostnadskutta opplever ImF ei gledeleg auke i gåveinngangen. Fast givarteneste har hatt ein vekst og ligg litt høgare enn budsjettet. Dei faste gåveaksjonane ligg derimot godt under budsjett, men også her har det vore ein vekst i slutten av året.– Dette er veldig oppmuntrande for oss og eit sterkt handslag frå misjonsfolket. Dei er no i ferd med å ta ansvar for økonomien og det er til stor inspirasjon for oss i arbeidet, seier Sørfonn.

Økonomileiaren er no spent på om den auka gåveinngangen vil bli verande inn i 2012.

– Eg håper at denne positive utviklinga vil halda fram og at det ikkje berre er ein forbigåande trend, seier ein optimistisk Sørfonn.

Balanse i 2012
Budsjettet for 2012 er gjort opp med balanse. Kostnadskuttet som vart gjennomført i fjor er den viktigaste årsaka til dette, for dei forventa gåveinntektene er også justert ned i forhold til i fjor.

– Me ser at budsjettet i 2011 låg for høgt for alle gåveaksjonane. Difor har me justert dei forventa inntektene på desse aksjonane noko ned i året som kjem, seier Sørfonn, og understrekar at dette ikkje betyr at gåveinntektene blir mindre viktige.
– Det er meir snakk om ei justering for å få meir realistiske tal. Me treng framleis kvar krone me får inn frå gjevarane våre, seier Sørfonn som presenterer følgjande ynskje for 2012.

– Ingenting ville vore kjekkare enn om me greidde å nå budsjettmålet – og kanskje enda litt meir. Det gir oss enda større moglegheit til å utføra oppdraget vårt: å nå Guds ord til folket, seier økonomi-leiar Ingebrigt S. Sørfonn.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.