Sambåndet

Søndag 30. april 2017
RSS

Sponsa evangelisering

No kan du bestilla boka Veikryss til utdeling – nesten gratis. Ei testamentarisk gåve gjer dette mogleg.

Av Vilhelm Viksøy. Publisert 12. mars 2012.

Fakta

Veikryss

  • Bok/hefte på 48 sider
  • Inneheld vitnesbyrd frå 12 ulike menneske
  • Ført i pennen av Marit Stokken og Irene K. Alnæs
  • Kjem i nytt opplag – sterkt sponsa av testamentarisk gåve
  • 100 bøker kan kjøpast for 500 kroner. Kontakt Sambåndet Forlag eller ImF

190.000 kroner var summen som tikka inn på kontoen til Sambåndet Forlag i fjor. Pengar som ikkje var budsjettert med, men som tilfall forlaget som ei testamentarisk gåve.
– Styret i Forlaget bestemte at dette ikkje skulle gå inn i drift på ordinært vis, men at me heller ville dei skulle brukast til å gje ut evangeliserande litteratur, seier Asle Hetlebakke, konstituert leiar i Sambåndet Forlag.

Eit av prosjekta som då vart sett i gong var eit nytt opptrykk av Marit og Irene s bok, Veikryss. Boka kom ut fyrste gong i 2005 og har tidlegare selt i 2500 eksemplar, fordelt på to opplag.
– Boka har vore utseld ei stund og etterlyst frå fleire hald, både av enkeltpersonar og butikkar, seier Hetlebakke.

Veikryss inneheld 12 vitnesbyrd frå menneske som har tatt i mot Jesus. Vitnesbyrda er ført i pennen av Marit og Irene. Dei har også skrive ein liten kommentar eller kort undervisning i etterkant av kvart av vitnesbyrda. Det meste av det gamle er med, og i tillegg er det funne plass til nokre nye tekstsider som inneheld starthjelp for ein nyfrelst i form av konkrete råd og nettadresser.

I tillegg er det skrive eit nytt vitnesbyrd frå ein som vart kristen av å lese boka.

– Boka er på 48 sider, så det er ingen liten traktat, men likevel har den fungert godt som ei bok som kan puttast i handa på folk eller gis vekk på annan måte. Den er lettskriven, enkelt fortalt og inneheld ærlege vitnesbyrd som mange kjenner seg igjen i, seier Hetlebakke.

No håpar han at boka kan bli eit nyttig verktøy for evangelisering. Prisen skal i alle fall ikkje vera hinderet – det har ekstragåva sytt for.
– Utsalsprisen i butikk vil vera på 30 kroner. Det er svært lågt for ei lita bok på 48 sider, fortel Hetlebakke.

Men det kan bli enda billigare enn dette. For alle krinsane og lokalforeiningane i ImF får tilbod om å kjøpa ein kasse med 100 bøker til ein pris av 500 kroner. Det gir stykkpris på 5 kroner per bok.
– 500 kroner er ein pris me trur dei fleste vil ha råd til å betala. Vårt ynskje og mål er at boka på denne måten kan bli ei bok som vert delt ut der det måtte trengast, seier Hetlebakke, og oppmodar no både krinsar, foreiningar og enkeltpersonar som har behov for det om å melde si interesse for ein slik pakke til Forlaget.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Nyleg var det avsluttande finalar i Salomokonkurransen i Bergen. Møre barne- og ungdomsskule vann klassen for 5.–7. trinn, medan NLM Namsos stakk av med sigeren for 8.–10. klasse.

Organisasjonen legger rollen som vaktbikkje på hyllen og vil jobbe for større enhet i kristent mediearbeid.

Både statsminister Erna Solberg, Jonas Gahr Støre og Knut Arild Hareide mener momsregelverket for frivillige virksomheter må utvikles og bedres, men mener det er vanskelig å sette grensene.

Arrangørene ønsker at Håpets festival skal bidra til en stor vekkelse i Norge slik at mange kan bli frelst.

Langt færre ja-svar enn ventet, gjør at KVS-Bygland må kutte i fagtilbudet.

Copyright © Sambåndet 2017