Sambåndet

Onsdag 17. juli 2019
RSS

Blanda bok-godt

Sambåndet Forlag satsar friskt i møte med sommaren.

Av Vilhelm Viksøy. Publisert 11. juli 2012.

FERIELEKTYRE: «Dagens preik» er ei av fleire bøker frå Sambåndet Forlag denne sommaren. FOTO: Shutterstock/ImF Media

«Dagens preik» er namnet og fire forkynnarar frå ImF-UNG står bak. Kenneth Foss, Stine Mari B. Våge, Kjetil Fyllingen og Vegard Soltveit har til saman produsert 31 andaktar retta mot ungdom.

– Den førre andaktsboka vår for ungdom var «Melding mottatt» av Gunnar Ferstad. Den kom i 2003 og har vore utseld ei tid, så det var på tide med ei ny, seier fungerande leiar i Sambåndet Forlag, Asle Hetlebakke.

Boka vert dels produsert med pengar frå ei større testamentarisk gåve som kom i løpet av fjoråret. Det gjer at boka får ein svært gunstig pris hos bokhandlarane. I tillegg kan Hetlebakke freista med endå større rabattar til dei som bestiller større mengder.

– Me håpar at fleire av skulane våre ser verdien av å kjøpa boka til utdeling. Det same kan jo og vera ein ide for krinsane i sitt leirarbeid, foreslår Hetlebakke.

Frå talarstolen.
Men Forlaget har ikkje berre andaktar å servera. Dei har og på plass ei bok om ein som har formidla dei i ein mannsalder. En evangelists dagbok er ei reise inn Klaus Muff sitt liv.

Denne danske karmøybuen som har vore tilsett i NMS, men preika like mykje i alle andre samanhengar – på sin eigen karakteristiske måte.

– Her blir det mange glimt frå Muff sitt liv; både frå barndom og oppvekst, og livet som forkynnar. Og i kjent stil er dei ei god blanding av lått og løye, og stort alvor, seier Hetlebakke som er den som har ført boka i pennen etter samtalar med Klaus Muff.

Dikt frå sjukesenga.
Dei to siste bøkene som kjem for Forlaget denne våren, er to diktbøker: Stille steg og Mot nye horisonter – bøker med heilt ulikt preg.

– «Stille steg» er ei ny bok frå Evy Kari Førde. Dette er kvardagsord frå ulike deler av livet, seier Hetlebakke. På same måte som debutboka «Dråpar av glede» er også denne boka illustrert med naturfoto av
Nils Arne Lavik.

Diktboka «Mot nye horisontar» er skriven av Lillian Ueland, ei av svært få i heile landet som har overlevd kreft i bukspyttkjertelen. Boka er ei reise i nettopp dette landskapet, frå sjukevarselet kom, gjennom behandling og fram til friskmelding.

– Dikta i boka er skrive undervegs i sjukeperioden, mest som ei dagbok, fortel Hetlebakke. Boka er illustrert av Sissel Torp Kogstad som også har overlevd kreftsjukdom.

– Dei to møttes på sjukestova så dette er ei svært spesiell bok som bærer med seg mykje håp, seier Hetlebakke.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

− Ikke la bekymringene kvele troen og det mennesket du er, advarer Karen Sofie Aasmyr.

På ImFs lederkonferanse i fjor var temaet «Følg meg!. Det er også tema for Andreas Evensens bibeltimer på Lyngdal Bibelcamp.

På kort varsel stiller menighetsrådgiver Jon Løvland i Metodistkirken i Norge opp på Lyngdal Bibelcamp for å gi råd om hvordan gi evangeliet videre til neste generasjon.

I fjor sommer så det mørkt ut for Oddvar Pedersen. Han hadde kreft med spredning. I år kan han planlegge ferie til Færøyane og Shetland.

Karen Sofie Aasmyr er veileder i naturlig menighetsutvikling. Hun går til Bibelen for å finne hvordan en menighet kan bli sunn.

Copyright © Sambåndet 2019