Sluttar som krinsleiar

15. oktober var siste arbeidsdag for krinsleiar Svein Bjarne. Ny mann er ennå ikkje på plass i Indremisjonsamskipnaden.

– Skal nokon gå inn i ei slik stilling så må dei kjenne på eit kall. Det er punkt nummer ein og kanskje det viktigaste. I tillegg er det jo ei omfattande stilling, seier krinsformann Edmund Thormodsæter.

Krevjande.
Han erkjenner at det er ein krevjande situasjon krinsen no er hamna i, men det er likevel inga akutt krise. Stillinga til kontorsekretær Guri Bjørnevik vert for ein periode auka til 100 prosent. Saman med Thormodsæter og nestformann Halvard Wiik utgjer ho no eit arbeidsutval som også er den daglege leiinga.

– Guri har lang erfaring og god kjennskap til sakene. Eg er trygg på hennar rolle som kontorleiar. Dessutan har me eit flott styre som også kan hjelpa til.

Optimistar
Arbeidet med å finna ny krinsleiar har pågått ei stund. Ein komité beståande av formann, nestformann, krinsleiar, barne- og ungdomssekretæren og tidlegare krinsleiar Toralf Steinsland, har hatt ansvaret for rekrutteringsarbeidet. Mange namn har vore på blokka og det har vore ført samtalar med fleire kandidatar utan at nokon har funne vegen til leiarstolen.

– Me ser på ingen måte svart på det. Me har fleire snøre ute, men har ikkje kome så langt at me har kalla nokon konkret til stillinga, seier formannen, som ikkje veit kor lenge krinsen kan fungera utan krinsleiar.

– Me får ta utfordringane som dei kjem. Me har ein god stab og eit flott styre som kan hjelpa til så me skal klara oss ennå ei stund, seier Thormodsæter.

Kallskrise
Då Svein Bjarne Aase for ein del år tilbake slutta i lønna misjonsteneste opplevde han ei stor personleg krise. Dette har han tidlegare delt både med lesarane av bladet Sambåndet og på Arbeidarmøtet i ImF. (Høyr meir: Utbrent)

Denne gongen er det annleis og  krisekjenslene er vekke. Det kjennes likevel sårt å gje seg for misjonen og tenesta har vore så stor del av livet hans.

– På mange måtar skulle eg ynskt eg kunne halde fram, men av ulike grunnar så går ikkje det lengre, seier han.

Kallet lever
Men misjonskallet legg han ikkje igjen på kontoret.

– Eg tenkjer at alle har eit kall og det handlar først og fremst om å følja Jesus. Uansett teneste. Så sjølv om eg no sluttar i ei konkret misjonsteneste, sluttar ikkje kallet mitt. Det ber eg med meg vidare sjølv om eg no sluttar i misjonen, seier Aase.

Du kan lese meir om Svein Bjarne Aase sine tankar om kallet i Sambåndet nr 10 som kjem i postkassen til abonnentane i desse dagar.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.